Naudetatane hadde invitert til pressekonferanse for å «klippe snora» av det nye naudnettet. Men ein teknisk feil gjer at helseetaten ikkje får ta i bruk det nye nettet endå.
– Av og til dukkar det opp utfordringar og det må vi løyse på best mogleg måte, seier han.
– Ikkje ein festdag
Dermed er det berre politi og brannkorps som tek i bruk det nye naudnettet onsdag. Helsevesenet må vente til feilen er ordna.
Medan politi og brannkorps beskreiv dagen med ord som «stor» og «fantastisk», var ikkje klinikksjef ved Sørlandet sykehus, Geir Bøhler like nøgd.
– Det er ikkje den same festdagen for oss. Men vi vil gratulere brann og politi med at dei kjem i gang i dag, seier han.
– Det er særs beklageleg at vi ikkje kjem i gang. Det hadde vore nydeleg å komme i gang og samarbeide med politiet og brannvesenet. Vi har mange tilsette som har lagt ned eit stort arbeid for å komme i gang, seier Bøhler.
- Les også: – Nødnettet er en ny verden for oss
Fekk beskjed om ikkje å skru av
Han er samstundes klar på at det er riktig at helseetaten ikkje tek i bruk naudnettet før feilen er retta.
– Dette handlar om liv og helse, og av og til liv og død. Då er det avgjerande at utstyret verkar tilfredsstillande. Vi er difor glade for at feilen er oppdaga i forkant. Vi er einige i den avgjerda og vil jobbe saman med leverandøren og direktoratet for å få retta feilen, seier Bøhler.
Fleire kommunar på Agder har allereie motteke eit brev der det går fram at det gamle nettet ikkje må slåast av.
– Dette vert gjort for å ha eit alternativt nett dersom naudnett ikkje fungerer i oppstartsfasen. Vi beklagar den ekstrabelasting det medfører no i ein overgangsfase, skriv Øyvind Haarr, som er lokal prosjektleiar for naudnett helse på legevakta i Kristiansand.
Brevet er sendt til Birkenes, Lillesand, Åseral, Audnedal, Hægebostad, Bygland og Evje og Hornnes.
No håpar Bøhler at feilen vert retta raskt.
– Vi har gjort ein stor opplæringsjobb. Eg håpar vi kjem i gang så raskt som råd, slik at vi ikkje treng ei ny runde med opplæring, seier han.
Politimeisteren: – Ein stor dag
Totalt skal det byggjast 2100 basestasjonar for det nye naudnettet. I dag er kring 1300 bygd ut. 14 politidistrikt har til no det nye naudnettet på plass. Alle distrikt skal etter planen ha det nye nettet klart neste haust.
På Sørlandet er det til saman 157 basestasjonar.
– Nettet var ferdigstilt i sommar. Etatane har brukt sommaren til å gjere seg kjende med nettet og dekninga, seier Sjøvik.
Politimeister Kirsten Lindeberg seier det er ein stor dag for Agder.
– Dette er ein stor dag for Agder. Det er all grunn til å gratulere kvarandre, sa ho på pressekonferansen.
Det nye naudnettet skal mellom anna gjere det enklare å rettleie til dømes politipatruljar og brannbilar til ein åstad.
– Det vil mellom anna bli terminalar i bilane våre. Vi kan guide bilane via kart. Det gir heilt andre moglegheiter internt i vår organisasjon.