Hopp til innhold

ØIF-tap: – Fullstendig kollaps

(ØIF ARENDAL - RUNAR SANDEFJORD 22-27): Etter ein knallsterk første omgang møtte ØIF Arendal bokstaveleg tala veggen i andre omgang mot Runar Sandefjord på heimebane. Laget scora berre fire (!) mål i andre omgang.

I løpet av dei 21 første minutta i andre omgang scora ØIF Arendal berre eitt mål.

– Oi, var det verkeleg så gale? Det var eg ikkje klar over. Det er fullstendig kollaps. Det er katastrofe rett og slett, seier David Rui til NRK.

Arendalittane gjekk til pause i leiinga med 18-15. I andre omgang var det eit heiltent bortelag som kom på bana. Etter tre minutt var leiinga henta inn.

Bom, bom og bom

Trenar Leif Gautestad tok time-out i håp om at det ville hjelpe laget tilbake på sporet.

Men arendalittane heldt fram der dei slapp og bomma på ei rekkje sjansar i angrep og klarte ikkje å ta hand om Runar-angrepet i forsvar.

19 minutt ut i kampen var kampen snudd i favør bortelaget som leia 23-19.

– Vi blir veldig udisiplinerte i det offensive spelet. Vi misser trua undervegs. Slik er handball. Vi er brukbare bakover, men klarte ikkje å omsetje sjansane vi fekk, sa trenar Leif Gautestad i eit intervju i hallen rett etterkampslutt.

Svenske Kenny Ekman skal rett heim å sjå kampen i reprise for å finne svar på kva som eigentleg skjedde i oppgjeret søndag.

– Vert straffa knallhardt

– Eg har eigentleg ikkje noko godt svar på kva som skjedde. Det var kollaps. Vi vil for mykje, vi blir stressa og tek dumme val. Det er vel det som skjer, seier Ekman.

Ifølgje kantspelar David Rui var planen å halde fram i andre som dei gjorde i første omgang.

– Vi slutta å spele som eit lag. Vi gjekk ein og ein og vart straffa knallhardt. Runar vann alle duellane, seier Rui.

– Vi fekk ingen flyt og då er det vanskeleg å vinne handballkampar, seier han.

Allereie onsdag skal arendalittane i aksjon igjen. Då møter laget Stord på bortebane i åttendelsfinale i cupen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %