Hopp til innhold

Svaland må droppe junior-VM

Skiskyttar Håkon Svaland frå Birkenes hadde ambisjonar om medalje i junior-VM i USA. No er han blitt sjuk og medaljedraumen heng i ein tynn tråd.

Håkon Svaland

Håkon Svaland må truleg droppe junior-VM på grunn av sjukdom.

Foto: Privat

– Det er kjedeleg når årets høgdepunkt går i vasken. Eg har sett fram til dette i fem år. Men i eit lengre perspektiv var dette berre eit delmål til å bli ein av verdas beste skiskyttarar, seier Svaland til NRK.

Håkon Svaland

Svaland hadde gått for medalje dersom han fekk delta i junior-VM.

Foto: Privat

Det er ein infeksjon i kroppen som gjer at skiskyttaren førebels har måtte droppe junior-VM.

Hadde gått for medalje

– Kroppen har fått seg ein god trøkk. Skal ein prestere på toppnivå må kroppen vere frisk og rask, seier han.

Sørlendingen var ein av fem norske skiskyttarar som var teken ut til junior-VM i Presque Isle i USA. Opningsdistansen går fredag ettermiddag.

– Hadde eg stilt til start hadde eg gått for medalje. Eg har vist tidlegare denne sesongen at eg har nivået inne, seier han.

– Det er surt å ikkje få lov til å vise seg fram, men det kjem fleire moglegheiter. Eg må snøre lissene endå hardare og trø til, seier Svaland.

Ørlite håp

Skiskyttartalentet har likevel ikkje heilt gitt opp håpet om å få delta i junior-VM.

– Eg har blitt betre og betre, men har framleis ein infeksjon i kroppen. Eg må vente litt til, men det kan vere at eg får med meg dei to siste distansane, seier han.

Tidlegare denne sesongen har Svaland mellom anna teke NM-gull i M20-21 års klassa. Meisterskapen i USA hadde blitt hans første internasjonale meisterskap.

Den norske troppen:
Kvinner:

  • Frida Strand Kristoffersen (Tromsø SSL)
  • Marie Nørstebø (Svene IL)
  • Kristin Hjelstuen (Oslo SSL)
  • Rikke Hald Andersen (Asker SK)
  • Lotte Lie (Skatval SL)

Menn:

  • Håkon Svaland (Birkenes IL)
  • Jarle Midthjell Gjørven (Markane IL)
  • Martin Femsteinevik (Hålandsdal IL)
  • Tore Leren (Vingelen IL)
  • Sondre Dotterud (Vingrom IL)

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %