650 publikummarar var innom festivalen fredag då Kari Bremnes, Mikhael Paskalev og Lars Vaular stod på scena.
Laurdag hadde nær 1000 menneske løyst billett for å få med seg Jan Eggum, Åmlis store son Jonas Alaska og Pow Pow.
- Les også: Håpar på ny publikumsrekord
– Svevar på ei sky
– Vi har ikkje fintelt endå, men vi er i alle fall på nivå med i fjor, kanskje litt over, seier festivalsjef Trond Aslaksen til NRK.
I fjor besøkte 1500 festivalen i Åmli. Han er ikkje i tvil om at det var høg kvalitet på årets utgåve av «Heimover».
– Det var heilt fantastisk. Det er den beste festivalen vi nokon gang har hatt. Vi trefte veldig godt med artistane. Vi hadde mange ungdommar blant publikum og har fått strålande tilbakemeldingar, seier han.
– Musikken var bra og opplegget fungerte godt. Eg svevar på ei lita sky akkurat no, seier han.
Eitt av høgdepunkta for Aslaksen var då Lars Vaular gjekk på scena.
– Han sat åtte timar i kø då han kom frå Oslo. Så kom han her og leverte eit forrykande show, seier han.
Truleg ny festival neste år
Dette var 3. gang festivalen vart arrangert i Åmli. Mykje tyder på at det blir ei ny runde neste år.
– Vi skal ha årsmøte i august og då skal vi avgjere om vi går på igjen. Det er veldig truleg at vi kjem til å gjere, seier han.
I fjor gjekk festivalen i overskot. Det gjer den truleg også i år.
– Vi har omtrent same inntekter som i fjor. Vi har litt større utgifter, men endar truleg på plussida, seier han.