Hopp til innhold

Stort trøkk på Color Line i haustferien

Fleire tusen menneske har reist og skal reise til Danmark med Color Line Superspeed i haustferien. Men det er for tidleg å seie om det går mot rekord for selskapet.

SuperSpeed 1

Color Line har mange reisande til Danmark i haustferien.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

– Rekord veit vi ikkje enno. Vi klarer ikkje å oppsummere før etterpå. Vi ser at det er veldig mange som ventar lenge før dei bestemmer seg for å reise, men det er noko ledig, seier linjedirektør Odd Grønberg til NRK.

To av rutene til Danmark til helga er fullbooka. Laurdag morgon og søndag føremiddag er båten smekkfull. Det betyr over 2200 reisande.

– Klarer ein å halde seg unna dei to er det framleis gode moglegheiter for ein tur, seier Grønberg.

Ifølgje Grønberg har vêrmeldingane mykje å seie for om folk vel å ta turen eller ikkje.

– Det er nok ein av tinga folk ser på kvelden før dei bestemmer seg, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %