Hopp til innhold

Start snusar på Vindbjart-duo

I løpet av sommaren skal Vindbjart-spelarane Daniel Aase og Thomas Zernichow vise seg fram for Mons Ivar Mjelde på Start-trening.

Daniel Aase

Daniel Aase skal på prøvespel i Start i løpet av sommaren.

Foto: Julian Rikstad / NRK

– Vi har sendt ein førespurnad til klubben om at vi gjerne vil ha dei med på trening. No skal trenarane i dei to klubbane diskutere når det blir, seier Start-direktør Even Øgrey Brandsdal til NRK.

Vindbjart-duoen dominerte då Vindbjart slo Start ut av cupen tidlegare i år.

Ser stort potensial

– Vi hadde ikkje invitert dei dersom vi ikkje såg at dei har potensial til å bli eliteseriespelarar, seier Øgrey Brandsdal.

Midtbanespelar Thomas Zernichow har allereie prøvespelt i Odd. No får han også sjansen til å vise seg fram for Start.

– Det er veldig spennande. Det er kjekt å få prøve seg på eit høgare nivå enn 2. divisjon. Eg har absolutt ambisjonar om å spele på eit høgare nivå, seier han.

Daniel Aase har tidlegare spelt i eliteserieklubben. No kan han vere på veg tilbake.

– Eg vil ikkje seie så mykje meir enn at eg veit at det har vore kontakt mellom klubbane, seier Aase.

– Eliteseriespel freistar

Zernichow har stor tru på at han er god nok til å spele på toppnivå i Norge.

– Eg trur på eigne ferdigheiter og at eg med litt tid kan tilpasse meg eliteserienivå om eg får sjansen, seier han.

– Klarer du å seie nei om du får eit tilbod?

– Det er mykje som skal klaffe. Klubbane må mellom anna bli einige. Men det er sjølvsagt veldig freistande å spele i eliteserien, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %