Hopp til innhold

Sorg og undring pregar bygda etter drap

Den vesle bygda Valle er sterkt prega av drapet på Helge Dahle. Innbyggjarane forstår ikkje det som har skjedd. Måndag kveld er det minnestund i Valle.

Valle og Setesdal har mistet er spesiell og verdifull innbygger. Det sier folk i Valle i dag. Det er sorg og undring, som preger bygda, etter drapet på Helge Dahle.

VIDEO: Innbyggjarane i Valle sørgar over tapet av Helge Dahle som vart knivstukken og drepen natt til søndag.

– Vi tykkjer det er ei stor tragedie. Vi er heilt rysta, seier Nøste Nyberg til NRK.

– Han betydde så mykje for bygda har eg inntrykk av. Han var der det føregjekk noko. Han underheldt og var konferansier, seier ho.

Drepen på privat fest

50 år gamle Helge Dahle vart knivstukken og drepen på ein privat fest i Valle natt til søndag. Ein 38 år gammal mann frå Grimstad er sikta for drapet, og vart måndag varetektsfengsla i fire veker.

Ørnulf Hasla

Redaktør i Valle Radio, Ørnulf Hasla, fortel om ein mann som betydde mykje for bygda.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

Dahle var ein kjend radioprofil i Setesdal. Drapet pregar sjølvsagt kollegaene i Valle Radio.

– Heile Setesdal kjende Helge Dahle. Her i Valle Radio var han entertaineren. Den som piska opp stemninga. Han fekk folk i tale og var den som kunne snakke med barn og by veldig på seg sjølv, seier redaktør Ørnulf Hasla.

– Vi har verkeleg mista ein medarbeidar som er vanskeleg å erstatte, seier han.

– Sorgtung stemning

Den vesle bygda tel i underkant av 1300 innbyggjarar. Dermed berører hendinga dei fleste.

– Det er ei sorgtung stemning. Folk er urolege, snakkar roleg ilag og tenkjer på korleis dette kunne skje. At ein så artig og verdfull person kunne gå bort på denne tragiske måten, seier ordførar Tarald Myrum.

Måndag kveld skal medarbeidarane i Valle Radio samlast til minnestund.

– Vi skal hugse Helge her i radiosamanheng. Vi skal sikkert grine litt, le litt og minnast Helge for det han var, og for vår del. Korleis vi skal gå vidare fram, for han vert vanskeleg å erstatte, seier Hasla.

Sørgar over Helge Dahle

Redaktør Ørnulf Hasla og ordførar Tarald Myrum i lokala til Valle Radio.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %