Sørlendingen kom i mål til tida 6.32,07 og var berre tidelar bak Håvard Bøkko som tok sølvet.
Det var lite å gjere med suverene Sverre Lunde Pedersen som gjekk til topps på 5000 meteren. Han vann med tida 6.25,55.
Dette var Søfteland sin andre bronsemedalje i NM enkeltdistansar. Under NM på Hamar i fjor tok han nemleg bronse på 10 000 meteren.
10 000 meter står på programmet søndag.
Siri Moseng Reiersen frå Arendal vart nummer åtte på kvinnenes 1000 meter. Ho gjekk inn til 1.23,91. Ikkje overraskande var det Ida Njåtun som vann distansen. Hege Bøkko vart nummer to.
Fredag ettermiddag vart Simen Spieler Nilsen frå Arendal nummer fem på 1500 meter med tida 1.51,22. Også her var det Sverre Lunde Pedersen som gjekk til topps med 1.46,64.