Hopp til innhold

Slo og sparka ambulansearbeidar under utrykking

Ei 21 år gammal kvinne er dømd til seks månaders fengsel etter å ha slått og sparka ein ambulansearbeidar då ho vart køyrt til sjukehus.

Det var i juli for to år sidan at den då 19 år gamle kvinna vart henta av ambulanse og skulle transporterast til sjukehuset i Arendal.

Under transporten gav ho uttrykk for at ho ikkje ynskte å vere med i ambulansen.

Slo og sparka

Kvinna vart spent fast i båra før ambulansen sette kursen mot sjukehuset i Arendal. Det var på turen mot Arendal at ein av ambulansearbeidarane vart angripe av 21-åringen.

Ambulansearbeidaren skal ha blitt slått med knytt hand mot hovudet fleire gonger. Slaga trefte mellom anna øvre kinnbein og tinning.

21-åringen låg fastspent på båra, men klarte til slutt å komme seg laus. Ambulansearbeidaren hadde bilbelte på seg, og klarte ikkje å komme seg unna slag og spark frå pasienten. Ho forsøkte å beskytte seg med hendene.

Ambulansearbeidaren fekk til slutt kontakt med kollegaene sine og ambulansen stopp på E18. Der kvinna fekk hjelp og 21-åringen vart teke hand om av andre i ambulansen. Ein lege som køyrde i følgjebil kom også til og hjelpte til med å få kontroll over kvinna.

Framleis arbeidsufør

Ambulansearbeidaren har hatt store problem i etterkant av hendinga og er framleis ikkje tilbake i jobb.

Ho forklarte mellom anna i retten at ho har synsproblem og slit med å lese.

Den 21 år gamle kvinna hevdar at ho hugsar lite frå hendinga i ambulansen.

I Kristiansand tingrett innrømte ho at ho hadde teke store mengde piller. Ho meiner det er årsaka til at ho ikkje hugsar noko særleg får hendinga.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %