Nær halvparten av Nettbuss sine avgangar blir innstilt på grunn av den politiske streiken. Til saman vil 134 av busselskapet sine avgangar bli innstillt.
– Spesielt før og etter streiken kan busstrafikken hope seg opp. Då må folk vere ekstra tålmodige, har administrerande direktør Siv Elisabeth Wiken tidlegare sagt til NRK.
Streiken gjeld både ordinære ruter og skuleskyss.
- LES: I dag stopper Norge
Stor streikevilje
1,5 million arbeidstakarar, over halvparten av alle som er i arbeid i Norge, skal etter planen legge vekk arbeidsoppgåvene. Dei protesterer mot regjeringa sitt forslag til endringar i arbeidsmiljølova.
Streikeansvarleg i LO i Vest-Agder, Lars Klottrupp Berge, seier at engasjementet er stort på mange arbeidsplassar.
– Det er heilt enorm. Vi merkar det når vi kjem på pauserom og på arbeidsplassane at folk er klar for å streike, seier han til NRK.
Det fins inga oversikt over kor mange på Sørlandet som går ut i streik mellom klokka 14 og 16. Men ifølgje Berge vil streiken merkast.
– Dei fleste vil merke det på sin arbeidsplass gjennom at dei sjølv eller kollegaer skal streike, seier han.
Barnehagar og skular blir stengde
Også i Aust-Agder trur distriktssekretær i LO, Agnes Norgaard, at mange går ut i streik.
– Vi har fått veldig god respons både frå Unio, YS, LO og sympatisørar spør om når markeringa er, seier ho.
Ei rekkje skular, barnehagar og SFO vil bli stengde i samband med streiken
Fagforeiningane har ikkje full oversikt over kva skular og barnehagar som vert ramma, men ber folk oppdatere seg på nettsidene til den enkelte kommune.
Tog vert ståande
Mellom klokka 15 og 16 vert alle tog ståande stille på Sørlandsbana. Tog som køyrer i dette tidsrommet vil stoppe ved næraste stasjon.
Streiken vil dermed føre til at tog vert forseinka i minst ein time.
– Det kan og bli noko forseinking i etterkant i forhold til å få tog og folk i posisjon, seier strekningsleiar i NSB, Petter Helgesen.
I mange kommunar vil det vere markering i sentrum i samband med streiken.
- Les også: Forstår ikkje kvifor det blir storstreik