Hardt å studere - EKSAMENSNERVAR? Universitetslektor, Hæge Johannessen, rår stressa studentar til å stresse ned og bruke pusten. - Den kan vere heilt magisk, seier ho. - Foto: Illustrasjonsbilde: www.colorbox.no /

EKSAMENSNERVAR? Universitetslektor, Hæge Johannessen, rår stressa studentar til å stresse ned og bruke pusten. - Den kan vere heilt magisk, seier ho.

Foto: Illustrasjonsbilde: www.colorbox.no

Slik taklar du eksamenstresset

Stressar du i samband med eksamen? Stress ned er rådet frå ekspert.

– Det er to innfallsvinklar folk gjerne har. Å lese 24 timar i døgner er ingen vits. Det løner seg å seie at «eg greier 8-9 timar, så må eg fylle tida med slik at eg slappar sikkeleg av», seier universitetslektor i pedagogikk ved Univeristetet i Agder, Hæge Johannessen til NRK.

Løping, jogging - TRENING: - Ei treningsøkt kan for mange verke positivt i eksamensstresset, seier universitetslektoren. - Foto: Coulor box /

TRENING: - Ei treningsøkt kan for mange verke positivt i eksamensstresset, seier universitetslektoren.

Foto: Coulor box
«Eg kjem til å stryke»

Ho held kurs i eksamensmeistring i desse dagar. For mange kan eksamenstida vere eit skikkeleg mareritt.

– Tenk gjennom korleis du slappar av best mogleg. Nokre gjer det gjennom å høyre på musikk, andre gjennom trening. Det er ingen vits å sitje heile døgnet med nasa i bøkene. Det er berre slitsamt, seier ho.

Ho fortel om mange fortvila studentar, som oppsøkjer i og under eksamenstida.

LES OGSÅ: Slik unngår du eksamensnerver

– Veldig mange har førestillingar som seier at «eg kjem til å stryke». Det snakkar dei om. Av ein eller annan idiotisk grunn er dei så stygge med seg sjølve, seier Johannessen.

Musikklytting - MUSIKK: - Legg bøkene til side og skru musikken opp for å kople av mellom lesinga, rår universitetslektoren. - Foto: Berit Roald, Unspecified / Scanpix

MUSIKK: - Legg bøkene til side og skru musikken opp for å kople av mellom lesinga, rår universitetslektoren.

Foto: Berit Roald, Unspecified / Scanpix
Enkle grep

– Så har dei gjerne vener som snakkar om at dette kjem til å gå dårleg. «Eg greier ingenting, eg har ikkje lese nok», er det mange som seier. Dei elskar å sjå på kor mange som strauk i fjor, seier ho.

Ved hjelp av enkle grep kan du sjølv snu eksamenstida til noko positivt. På kursa lærer studentane korleis ein skal kunne handtere eksamenstida best mogleg.

LES OGSÅ: Fanget av eksamensnerver

– Det å kunne snu si eiga innstilling. Til dømes det å tenke at «dette kjem eg til å klare, kvifor skulle eg ikkje klare dette? Eg klarar dette», seier ho.

Pust - PUST UT: - Set deg ned og pust. Det kan vere magisk, seier lektoren. - Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com /

PUST UT: - Set deg ned og pust. Det kan vere magisk, seier lektoren.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Pusten avgjerande

– I tillegg er pusten viktig. Det er nordmenn ganske dårlege på. Når ein er stressa pustar ein iallefall gale. Når ein ikkje pustar skikkeleg tenkjer ein dårleg, seier ho.

– Konkret tips når du sit der på eksamensdagen?

LES OGSÅ: Vaksine mot eksamensstress

– Set deg ned på stolen, lukk att auga, føl pusten inn og ut, berre konsentrer deg om pusten. Det er magisk. Den vesle tingen der i fem minutt gjer at du får mykje energi, og slappar verkeleg av, seier universitetslektoren.

Video og lyd

No. dokumentar. Folk som bruker sidebanen fra Arendal til Nelaug, brenner for å ta vare på den. 97 år gamle Martin Gundersen jobbet blant annet som lokomotivfører på damptogene den gang toglinjen strakte seg lenger innover i Telemark.
19. mai er det 30 år siden sangen om sjimpansen Julius ble fremført offentlig for første gang. Knapt noen annen barnesang har blitt så populær i nyere tid.
Bli med turglade Elin Helgheim på en helt overkommelig nærtur - sammen med turistforening, tursekk og ikke minst turkamerat, denne gang i Kristiansand med Lillian Røssaak.