Før treninga fredag var dette tema.
– Vi må ikkje tenke på kva Byåsen har vore og bli redde for namnet Byåsen. Nokre av dei etablerte spelarane som var der, er der ikkje lenger, seier Pettersen til NRK.
- Les også: Halve Vipers er frå utlandet
Fryktar kontringar
Søndag kveld kastar Vipers i gang sesongen i Trondheim Spektrum. Motstandar er altså Norges nest beste lag dei siste sesongane, Byåsen.
Trønderane har mista fleire sentrale spelarar frå i fjor. Mellom andre Raja Toumi og Camilla Herrem. Sjølv tippar klubben seg på ein beskjeden 5. plass.
– Det er lett å forbinde laget med kva dei har vore. Det må vi unngå, seier Pettersen til NRK.
Han peikar også på at Vipers må passe seg for eit kontringssterkt heimelag.
– Vi må demme opp for kontringar. Ved sidan av Larvik er dei Norges beste kontringslag og baserer mykje av spelet på det. Vi må vere nøye i eige angrep. Når vi misser ballen må vi springe tidleg og raskt heim, seier han.
Pettersen meiner at Byåsen passar Vipers godt i serieopninga.
– Det er ingen som ventar at vi skal vinne. Vi har alt å vinne, seier den tidlegare herrelandslagstrenaren.
Dansk lynving tilbake
Den danske kantspelaren Sanne Bak Pedersen går på sin fjerde sesong i Vipers. Førre sesong kom ho tilbake etter ein alvorleg kneskade. Etter ei god oppkøyring håpar ho å vere tilbake i godt gammalt slag.
– Det tok lengre tid enn eg hadde trudd å komme tilbake. Men no føler eg meg tipp topp, seier Pedersen.
– Det er klart vi får ein tøff start. Første kamp er alltid spesiell, og det er ikkje mange som vinn borte mot Byåsen, seier ho.
Men kantspelaren har tru på at Vipers kan tukte trønderane.
– Eg trur det vert ein tett kamp. Så får vi sjå korleis resultatet blir. Det torer eg ikkje å spå, smiler Vipers-spelaren.