Hopp til innhold

Slik er livet i fengselet i Ecuador

Først til hausten startar arbeidet med å få til ei soningsoverføring for narkotikadømde Rita Grimestad i Ecuador. 51-åringen beskriv fengselstilhøva i brev til familien.

Rita Grimestad i fengslet

Rita Grimestad har sete fengsla i Ecuador i eitt og eit halvt år.

Foto: Maren Kateraas

Søstera til kvinna, Berit Grimestad, hadde håpa at prosessen med ei soningsoverføring kunne komme i gang allereie før sommaren. Det gjer dei no opp.

Nils Grønås

Nils Anders Grønås er kvinna sin norske forsvarar.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Familien førebur seg no på ein lang prosess med venting. Dei fryktar at det kan ta fleire år å få til ei soningsoverføring til Norge. Norge har ikkje utleveringsavtale med landet.

– Vi har fått beskjed om at det ikkje vil skje noko før i august. Vi fryktar at det vil ta lang tid før ho er i Norge. Dersom det ikkje er mogleg med ei overføring veit eg ikkje korleis det vil gå med ho der nede, seier søstera til NRK.

Familien fryktar også for helsa til 51-åringen som er dømd til fengsel i ti år for narkotikasmugling i Ecuador. I førre veke fekk sørlandskvinna dommen i høgste rettsinstans i landet.

Etter at dommen fall har familien klamra seg til håpet om ei soningsoverføring til Norge.

– Dommen må først bli rettskraftig, så kan vi starte arbeidet med å forsøke å få til ei soningsoverføring. Det vil bli fullt trykk på dette i august, seier kvinna sin norske advokat Nils Anders Grønås.

Brev frå Rita Grimestad

Familien har fått ei rekkje brev frå Rita Grimestad.

Foto: Privat

Sonar med drapsdømd

Marerittet starta då 51-åringen vart pågripen på flyplassen i Quito med tre kilo kokain i slutten av februar i fjor. Sidan har kvinna sete fengsla i Ecuador.

Familien har knapt snakka med ho det siste halve året. Ho har nokre få ringeminutt i løpet av ein månad. Grimestad har sendt fleire brev til familien. Seinast for kring 14 dagar sidan kom det siste. Det var datert mars.

– Vi har også sendt pakkar med sjokolade, penn og skrivepapir. Dette veit vi at ho ikkje har fått inn i fengselet. Det einaste ho har fått inn er nokre pocketbøker, fortel Berit Grimestad.

Ifølgje søstera sit 51-åringen i eit fengsel med plass til 4000 fangar. Ho sit på ei kvinneavdeling med plass til opptil åtte fangar i kvar celle. Ei av kvinnene i cella henne er over 70 år og skal vere dømd for tre drap. Ei anna kvinne er frå USA og skal vere dømd for narkotikasmugling. Også ho hevdar at ho vart lurt.

– Det er godt for oss å vite at det er ei i cella som snakkar engelsk. Då har ho i alle fall nokon å snakke med, seier søstera.

– Fengselsvakter slåst og nyttar narkotika

Berit Grimestad har besøkt søstera i fengselet to gonger. Då måtte ho få den lokale advokaten til å ordne taxisjåfør.

– Vi fekk ikkje lov til å ta med oss noko som helst inn i fengselet. Alt vi hadde med oss måtte ligge igjen i taxien. Vi fekk streng beskjed frå den lokale advokaten om at vi ikkje kunne stole på nokon. Det har visst skjedd tidlegare at sjåførar har stukke av. Difor ordna han sjåfør frå flyplassen rett til fengselet, seier ho.

– Vi møtte ho i ein stor sal som dei nyttar til besøk. Men ifølgje Rita er forholda særs dårlege. Ho har også snakka om veldig høg temperatur i fengselet. Anten er det kokvarmt eller så er det veldig kaldt, seier Berit.

51-åringen har fortalt om brutale episodar i fengselet. Slåstkampar mellom både innsette og tilsette. Ho har også fortalt om fengselsvakter som openlyst nyttar narkotika.

Rita Grimestad

Rita Grimestad i cella i det første fengselet ho sat fengsla i. I det nye fengselet får ingen sleppe inn med kamera.

Foto: Maren Kateraas

Byter bort middag med bananar

Ho får tre måltid kvar dag. Frukost, lunsj og middag. Men ho har sagt til familien at maten er så dårleg at ho stadig byter bort middagen mot bananar, ifølgje søstera.

– Ho har sagt at det som søle med to-tre kjøtbitar. Ho seier at maten ikkje er etande, seier Berit.

Kvar månad overfører familien 100 dollar som ho kan nytte i ein kiosk i fengselet. Når ho betalar må ho registrere seg med fingeravtrykk.

– På denne måten får ho i seg noko i alle fall. Men vi er veldig redde for forma hennar. Eg har inntrykk av at det går veldig opp og ned, men vi veit jo ikkje sidan vi snakkar så sjeldan med ho.

I det gamle fengselet fekk sørlendingen lov til å strikke og hekle. Det skal det ha blitt slutt på etter at ho vart overført til eit nytt fengsel. Både strikkepinnar og pennar skal vere strengt forbode. Ifølgje søstera er årsaka at fengselsleiinga fryktar at det kan bli brukt som våpen.

Reiseleiar besøkte Grimestad

Mari Hernandez Gabrielsen frå Jessheim har vore gift med ein mann frå Ecuador. Gjennom mange år har ho vore reiseleiar i landet. Ho besøkte Ecuador første gang i 1989 og kjenner difor tilhøva i Ecuador godt.

Mari Hernandez Gabrielsen

Mari Hernandez Gabrielsen har besøkt Rita Grimestad. Til hausten skal ho besøke 51-åringen i fengselet igjen.

Foto: Privat

I januar besøkte ho Rita Grimestad i fengselet. Hernandez Gabrielsen har eit heilt anna inntrykk av fengselet enn det familien beskriv. Ho fekk ta med seg både sjokolade og andre ting sørlandskvinna bad om.

– Fengselet opna i 2014. Det var reint og fint og vaktene var hyggelege mot meg, seier ho.

Ho understrekar at ho ikkje har vore inne i cella til sørlendingen.

– Eg kan forstå at ein som nordmann reagerer på maten, men det er heilt vanleg ecuadoriansk mat som vert servert. I mange fengsel er det ikkje matservering i det heile. Der må familie og vener stille opp for at fangane skal få mat, fortel ho.

Reiseleiaren fortel at ho har besøkt sjukehus i landet med langt dårlegare standard enn i fengselet. I tillegg har ho sett mykje fattigdom på landsbygda. Ho kjenner også folk som leverer mat til fengselet.

– Eg vart eigentleg positivt overraska over standarden i fengselet. Eg har opplevd mange fattige stader der dei lever svært enkelt og med lite mat. Det verkar som dei har fått system på ting i fengselsvesenet som tidlegare var ekstremt korrupt. I dette nye fengselet vert alle behandla likt. Det er inntrykket mitt, seier ho.

Hernandez Gabrielsen reiser til Ecuador igjen i oktober. Då er planen å besøke den narkodømde kvinna igjen.

Familien har ingen nærståande planar om å besøke Rita i fengselet.

– Det er klart at vi må ned igjen, men vi veit ikkje kor tid det blir. Det kostar mykje pengar. Vi har eit håp om soningsoverføring. Det viktigaste er å få ho til Norge. Om ho må sitte nokre år i fengsel her heime, så er det greitt. Men det er frykteleg å leve med å vite kva forhold ho lever under i Ecuador. Eg unner ingen å komme ut for noko slikt, seier Berit Grimestad.

Oversiktsbilde Quito

Kvinna sit fengsla i hovudstaden Quito i Ecuador.

Foto: George Miquilena

– Ho seier ho vart grundig lurt

Medan søstera sit i fengsel går livet sin gang i Norge der ho har fire barn. Ho gjekk mellom anna glipp av bryllaupet til den eine dottera si.

Rita si eiga mor er snart 82 år og er særs uroa.

– Ho har fleire gonger sagt at ho fryktar at ho aldri vil få sjå Rita igjen. Men vi må berre prøve å halde motet oppe. Det er ikkje noko anna vi kan gjere. Vi kan i alle fall ikkje gje opp, seier Berit.

51-åringen er dømd i tre rettsinstansar utan i sjølv ha vore til stades i retten. Mangel på tolk har også gjort at det har vore brukt Google Translate til oversetting.

– I veldig mange andre land ville dette ha vore klare brot på saksbehandlinga, men i Ecuador er det ting annleis, sa Grønås då ho fekk den endelege dommen.

Sikker på at ho vart lurt

Den norske kvinna hevdar ho har blitt lurt av ein mann ho vart kjend med på internett. NRK har tidlegare fortalt at ho har overført 600 000 kroner til mannen trass i at familien åtvara ho.

Kvinna skal ha blitt bede om å ta med ein koffert til London. Kofferten skal ha blitt overlevert på hotellet ho budde på i Ecuador før avreise. Då ho kom til flyplassen fann politiet tre kilo kokain i kofferten.

– Ho har sagt til meg at ho aldri har blitt så grundig lurt. Dette er ikkje Rita.

– Kvifor er du så sikker på at ho ikkje har smugla narkotika med vilje?

– Ho har alltid vore ein person som har åtvara borna sine mot narkotika. Det er heilt utelukka at ho har gjort dette med vilje, seier søstera.

Ikkje i nokon av dei tre rettsrundane har kvinna vore til stades i rettssalen. I den første runden i september i fjor sat ho på eit rom i fengselet med videooverføring til rettssalen.

Advokaten hennar bad om full frifinning, men retten trudde ikkje på forklaringa om at ho hadde blitt lurt av ein ecuadoriansk mann ho trefte på internett. Den same melodien fekk ho i dei to andre rettssakene.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %