Hopp til innhold

Slått i ansiktet på byen

Slag i ansiktet, bruk av falsk legitimasjon og overstadig rusa personar prega natta for politiet på Agder.

Mange feirar påske på Hovden og tek gjerne ein tur ut etter ein lang dag i skibakken. Men natt til laurdag får gjestene skryt av politiet for god oppførsel:

Laster Twitter-innhold

Her er politiloggen:

05.18 Risør: Ein båteigar i Risør fekk beskjed om å skru av musikken på anlegget i båten. Politiet hadde fått klage på høg musikk.

02.52 Kristiansand: Ein mann (40) vart vist bort frå sentrum etter å ha nekta å forlate ein utestad.

02.44 Grimstad: Politiet måtte dempe ein fest etter klager.

02.20 Kristiansand: Ein 54 år gammal mann vart sett i fyllearresten.

02.09 Grimstad: Ein rusa mann vart køyrt heim av politiet.

01.53 Risør: Ein 25 år gammal mann vart pågripen av politiet etter å ha slått til ein person fleire gonger i ansiktet. Episoden skjedde ved ein utestad i Risør natt til påskeaftan.

01.03 Kristiansand: Ein mann (18) vart vist bort frå sentrum. Årsaka var at han skal ha vore rusa og ha oppført seg dårleg.

01.30 Kristiansand: Ein mann (24) vart meld for besittelse av mindre mengde narkotika.

01.10 Lyngdal: Politiet vart varsla om ein aggressiv mann på ein utestad. Då politiet kom til staden hadde mannen forlate utestaden.

00.40 Arendal: Ein rusa mann (23) vart køyrt heim av politiet.

00.40 Arendal: Ein mann (19) vart meld for urinering på offentleg stad.

23.40 Kristiansand: To 17 år gamle jenter vart i natt melde for å ha brukt falsk legitimasjon på ein utestad i Kristiansand.

23.21 Kristiansand: Ein bilførar er mistenkt for å ha køyrt i rusa tilstand. Føraren vart stoppa i Setesdalsveien. Politiet beslagla førarkortet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %