Hopp til innhold

Skulda Netthandelen for piratkopiering - gir opp kampen mot giganten

To gründerkvinner i Kristiansand melde Netthandelen til politiet for piratkopiering av ei toalettveske. No er saka henlagt.

Ragnhild Naglestad og Anne Kristine Mykjåland

Anne Kristine Mykjåland og Ragnhild Naglestad har bestemt seg for ikkje å klage på avgjerda til politiet om å henlegge saka.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Toalettveska er designbeskytta.

– Saka er henlagt på grunn av manglande sakshandsamingskapasitet, seier politiadvokat Hilde Almåsstø til NRK.

Lulus

Slik ser Lulu's si toalettveske ut.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Ragnhild Naglestad og Anne Kristine Mykjåland driv butikken Lulu's i Kristiansand sentrum.

Droppa klage

Dei to reagerte sterkt då dei såg at Netthandelen selde ei toalettveske som dei meiner ser nærast identisk ut med deira eiga.

Gründarane har bestemt seg for ikkje å klage på henlegginga.

– Vi har verken tid eller pengar til å gå vidare med saka. Det har teke ekstremt mykje tid. Vi er berre to og er eit lite og sårbart firma, Ragnhild Naglestad til NRK.

– Vi kan ikkje halde på med slikt i det uendelege. Vi må bruke tida på det som er viktig for oss då vi har mykje vi skal ha gjort, seier ho.

Kopivarer

Slik ser Netthandelen si toalettveske ut. Denne er ikkje lenger til sals i Norge.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Toalettveska er firmaet sin største salssuksess. Det skal ha blitt selt over 200 000 eksemplar berre i Norge.

Stoppa salet i Norge

Netthandelen skulle stoppe salet av si toalettveske i Norge då Lulu's tok kontakt og skulda dei for piratkopiering.

Då NRK sjekka måndag var den framleis i sal på nettstaden Cocopanda i Danmark. Det er Netthandelen som eig denne nettstaden.

Innkjøpssjef i Netthandelen, Andre Kjetså, vil ikkje kommentere henlegginga overfor NRK.

Då NRK skreiv om saka i juni i fjor argumenterte advokaten deira med at det er juridisk fullt mogleg å la seg inspirere av andre produkt sitt design.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %