Hopp til innhold

Skuffa over EM-bronse

Madelen Søfteland (25) frå Grimstad tok bronse i EM i kickboksing. Men sørlendingen er ikkje nøgd med bronsemedalje i meisterskapen i Slovenia.

Madelen Søfteland

Madelen Søfteland i aksjon under EM i Slovenia.

Foto: Per A. Ringsby

– Det var ikkje dette eg hadde håpa på. Eg er eigentleg ganske skuffa, men når eg får det litt på perspektiv er det ein tøff klasse. Bronse er betre enn ingen medalje, seier Søfteland til NRK.

Før meisterskapen hadde sørlendingen ein draum om å kunne stige øvst på pallen.

– Urutinert av meg

Men poengtrekk i semifinalen gjorde at det vart for tøft. 25-åringen fekk minuspoeng på grunn av halding. Dermed tapte ho semifinalen mot russiske Ksenila Miroschichenko.

– Det er rett og slett urutinert for min del. Vi held begge to, men ho slepp taket før dommaren ser det og eg vert ståande å halde. Vi var heilt jamne på poeng og eg føler at eg skulle ha tatt kampen om eg ikkje fekk minuspoeng, seier ho.

Minuspoenga gjorde at Søfteland måtte angripe for å ta att det tapte.

– Det gav ho heilt klart ein fordel. Eg klarte ikkje å hente meg inn igjen og eg måtte ta større risiko, seier Søfteland.

Nøgd landslagssjef

Landslagssjef Gjermund Nesland meiner at Søfteland ikkje har grunn til å deppe.

– Bronse i ein så tøff klasse må vi berre feire. Det er ein god prestasjon som vi kan vere stolte av, seier landslagssjefen i ei pressemelding.

Kickboksaren har tidlegare teke både VM-sølv og bronse i EM tidlegare. Torsdag kveld skal ho gjennomføre ei knalltøff treningsøkt for å få skuffelsen ut av kroppen.

– Det blir godt å få ut litt frustrasjon og få bearbeidd det litt. Så blir det eit par rolege veker og gjerne litt feiring etterkvart. Eg har vore gjennom tøffe veker i forkant av meisterskapen, seier 25-åringen.

Neste år er VM det store målet for Søfteland.

Hennes fremste styrke er spark mot hodet. I neste uke starter EM i kickboksing, og en 25-åring fra Grimstad har som mål å komme hjem med gullet.

Vi møtte Madelen Søfteland før meisterskapen i Slovenia. Sjå reportasje frå ei av dei siste treningane før EM.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %