Hopp til innhold

Skal sjekke kvikkleire i tre kommunar

Skred i kvikkleireområde kan ta både eigedom og liv. No skal NVE kartleggje kvar på Sørlandet det er mest av dette.

Slik ser kvikkleire utnår den røres rundt.

Slik ser kvikkleire ut når den røres rundt.

Foto: Peter Brevik / NRK

– Det er for å få ei oversikt over om det finst kvikkleirfarleg grunn.

Det seier Ingrid Havnen, sjefingeniør hos NVE. Ho seier dette er eit viktig arbeid.

– NVE driv med sikring av skredutsette område, så det vil vere ein måte for oss å vite kvar vi skal sikre, og prioritering av områda vi skal sikre.

Kan føre til større skred

Når NVE etter kvart kartlegg kvikkleiren i Kristiansand, Søgne og Songdalen vil det leggje grunnlag for såkalla farekart.

Som eit resultat av dette kan NVE vurdere sikring av eksisterande busetnad.

Havnen seier dei skal leite etter kvikkleire fleire stader.

– Vi har plukka ut fem område som vi går vidare med, og til saman så er det rundt 70 område som vi vil borre i.

– Kva er hovudfaren med kvikkleire?

– Berre eit lite skred kan føre til at store område går ut i eit større skredområde.

Kvikkleire kart

NVE skal kartleggje kvikkleiren i Kristiansand, Søgne og Songdalen. Dette kartet viser flaumsoner (rosa) som er ferdig kartlagt (blå). Dette kartet vil no bli oppdatert med ei oversikt over område med kvikkleire, som vil få raud merking.

Foto: NVE

Ikkje nytt

Sjølv om kartlegging av kvikkleiren no gjerast i nokre sørlandskommunar, er ikkje dette nytt i norsk samanheng.

Fleire andre stader der førekomsten av kvikkleire er større, er denne kartlegginga gjort for lenge sidan.

Det er særleg Trøndelag og Austlandet som har dei store kvikkleireområda.

– Marin grense er grensa der det tidlegare har vore havavsetningar som kan føre til at det er kvikkleire. Denne grensa ligg mykje lågare på Sørlandet enn det gjer på Austlandet og i Trøndelag. Difor er dei potensielle områda mindre, seier Havnen.

– Ønska i lang tid

Avdelingsleiar i Ingeniørvesenet i Kristiansand kommune, Per Kjelsås, er svært glad for at denne kartlegginga no endeleg kjem på plass.

– Dette er noko vi har ønska i lang tid. Det er viktig i forhold til å kartleggje kva område i kommunen som er utsett av eksisterande busetnad, og i kva område ein må unngå busetnad i framtida.

– Kva konkret vil dykk bruke desse resultata til?

– Dette vil blant anna bli lagt inn i kommuneplanen, slik at ein får temakart som viser kva område som er utsett for kvikkleire. Det vil også bli brukt i forbindelse med godkjenning av reguleringsplanar og byggjesaker.

LEIRRASET GISKE TIL LEIRRASET I NAMSOS

I 2009 gjekk det eit stort kvikkleireskred i Namsos i Nord-Trøndelag. No skal NVE kartleggje kvar på Sørlandet det er kvikkleire.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %