Hopp til innhold

Skader gjer ØIF-sjefen usikker

ØIF Arendal har framleis fleire spelarar ute med skade før vårsesongen i eliteserien vert kasta i gong søndag.

Marinko Kurtovic

Marinko Kurtovic og ØIF Arendal skal møte Bækkelaget søndag.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Skal eg vere heilt ærleg veit eg ikkje heilt korleis vi ligg an. Vi har ein del ute på grunn av skade. Vi har ikkje hatt troppen intakt heile vegen. Difor er eg litt usikker på kampforma på visse spelarar, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic til NRK.

Serieleiaren har ikkje spelt ein obligatorisk kamp sidan 19. desember på grunn av både julefeiring og EM-pause.

Tøffe treningsveker

Men spelarane har definitivt ikkje ligge på latsida i «ferien».

– Vi har trena tøft og tungt. Men det er mange dagar sidan sist kamp. Det litt bob-bob. Det har vore eit litt for langt opphald, seier trenaren.

I tillegg til tøff trening har laget vore gjennom fleire treningskampar. Dei har også vore på treningsleir i Finland. Men klubben har framleis ei rekkje spelarar som er skada og uaktuelle for årets første seriekamp. I tillegg er fleire spelarar usikre.

Skadesituasjonen var rett nok langt verre i haust. Det resulterte i at mange av dei nest beste fekk mykje speletid.

ØIF Arendal har framleis fleire spelarar ute med skade før vårsesongen i eliteserien vert kasta i gong søndag.

Sjå intervju med Marinko Kurtovic.

Trur på tøff kamp

– Ein del har gjort det og har gripe det på ein fin måte. Det gjer at dei har gode sjansar til å komme inn i viktigare kampar også, seier han.

Søndag tek ØIF Arendal imot Bækkelaget på heimebane.

Det er eit lag som har skuffa stort denne sesongen og kjempar på nedste halvdel av tabellen.

– Tek vi spelar for spelar skal det vere eit topp seks lag. Eg er sikker på at dei kjem sterkt tilbake, men håpar ikkje det skjer søndag, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %