Hopp til innhold

Sjokkert over tiggarforsøpling

Skattebetalarane sine pengar må brukast for å rydde opp etter tiggarane i Kristiansand. Store mengde søppel ligg strødd på området dei har oppheldt seg rett ved sentrum av byen.

Skattepenger må brukes for å rydde opp etter de rumenske tiggerne som har reist fra Kristiansand. Varaordføreren lover å ordne opp.

VIDEO: Kristiansand kommune lovar å rydde opp rotet etter tiggarane.

Jørgen Kristiansen

RYDDAR: Varaordførar Jørgen Kristiansen lovar å rydde opp etter tiggarane.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

– Sjå her ja. Det var veldig mykje søppel her. Mykje meir enn eg trudde, seier varaordførar i Kristiansand, Jørgen Kristiansen til NRK.no.

Madrassar, bord, steikepanner og drøssevis med anna søppel ligg hulter til bulter over eit område under Vesterveibrua på E39. Her sov og åt tiggarane fram til desember, då dei fleste reiste heim.

– Skattebetalarane må ta dette

– Dei som har ansvaret er forureinar. I dette tilfelle har dei truleg verken evne eller vilje til å gjere opp for seg. Då blir det det offentlege som må ta dette. Det vil seie skattebetalarane, seier Kristiansen.

Sidan området ligg under E39 meiner varaordføraren at også Statens vegvesen må ta sin del av kaka.

Det er andre året på rad at kommunen må rydde opp etter tiggarane i byen. No vil Kristiansen ha slutt på rotet.

– Det kunne kanskje har vore klokt å ta ei runde med nokre av dei frivillige organisasjonane som hjelper til, for å få inn litt betre rutinar, seier han.

Kirkens Bymisjon er ein av fleire organisasjonar som driv frivillig tilsyn av tiggarane. Dagleg leiar Kolbjørn Gunnarson, meiner at rutinane er gode nok, men at det sklei ut i desember.

Søppel etter tiggarar i Kristiansand

SØPPEL: Søppelposar, madrasser, steikepanner og mykje anna søppel ligg strødd.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

– Det var utfordringar

– Vi skal halde tilsyn og god dialog med brukarane. Dette har fungert godt stort sett gjennom heile hausten, men det var likevel utfordringar på slutten av 2012, seier han.

– Vi håpar å komme tilbake der vi var nesten i heile haust, der det fungerte godt. Brukarane ordna ting sjølve og det viste seg at dei hadde full evne til det. Vi håpar ikkje at dette vil vere eit problem utover vinteren og våren, seier Gunnarson.

I sommar sette kommunen opp den såkalla «tiggarbrakka» i byen. Her får tiggarane moglegheit til å gå på do og ta seg ein dusj. Kommunen betalte 300 000 kroner for tilbodet.

– Eg vil ikkje seie at vi har brukt mykje pengar på tiggarane, seier Kristiansen.

Dårleg folkeskikk

Han vandrar rundt i tiggar-området. Fleire gonger snakkar han om julefeiringa vi nett har lagt bak oss. Tusenvis av kroner er brukt på julegåver og mat.

– Når du ser dette, ser du kor godt vi har det. Det er forferdeleg å sjå at folk kan bu under slike forhold, seier han.

Varaordføraren tykkjer det er skremmande å sjå at tiggarane har budd under slike forhold. Samstundes er han klar på at dei må rydde opp etter seg i framtida.

– Det er noko som heiter folkeskikk. God folkeskikk seier at ein ikkje forlet det slik, sjølv om ein måtte vere fattig. Uansett om ein er fattig eller kva ein er, så bør ein alltid opptre ryddig, seier Kristiansen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %