Hopp til innhold

Sjekk Vipers sin skrekkstatistikk mot Larvik

Vipers Kristiansand har aldri slått Larvik i eliteserien i handball. Før søndagens bortekamp mot vestfoldingane er revansjelysta stor etter tapet mot Glassverket i førre serierunde.

Larvik

Vilde Ingeborg Johansen scorar for Larvik mot Vipers Kristiansand i semifinalen i sluttspelet førre sesong.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Det er no vi har sjansen. Larvik er ikkje heilt på topp lenger. Det såg vi då dei gav bort poeng mot Byåsen i Trondheim, seier Tonje Refsnes til NRK.

Vipers har spelt til saman 28 kampar mot Larvik i eliteserien. I alle kampane har Vipers gått av bana som det tapande laget (sjå full oversikt nedst i artikkelen).

Larvik har scora 945 mål mot Vipers på dei 28 kampane. Det tilsvarar eit snitt på nesten 34 scoringar. Vipers har scora 560 mål, noko som gjer eit snitt på 20 scoringar.

Sørlendingane vann rett nok overraskande mot Larvik i sluttspelet førre sesong. I returkampen slo Larvik hardt tilbake og vann 31–18.

Vipers slo Larvik

Sjå korleis Vipers-jentene feira sigeren mot Larvik i sluttspelet i fjor.

Tapte med 26 mål

Dei hittil verste resultata mot Larvik kom i 2005/06-sesongen.

Då tapte Vipers 12–38 på heimebane og 13–37 på bortebane mot suverene Larvik, som har vunne eliteserien 11 år på rad.

Frå sesongen 2001/02 og fram til i dag har ikkje Larvik tapt ein einaste kamp i eliteserien.

Vipers har sett som mål å ta over handballtrona dei kommande åra.

Vil utfordre Larvik

– Vi klarer nok ikkje det i år. Det vil vere å skyte veldig høgt. Planen er at vi skal utfordre Larvik meir neste år. Det blir for tøft i år, det trur til og med ikkje eg på, sa dagleg leiar Terje Marcussen til NRK tidlegare i haust.

Vilde Jonassen

Vilde Jonassen vil revansjere Glassverket-tapet mot Larvik.

Foto: Thomas Sommerset / NRK
Marta Tomac, Vipers Kristiansand

Marta Tomac trur Vipers kan tukte Larvik.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi jobbar etter ein plan der vi skal vere best i 2016/17-sesongen, men det kan vere at vi må vente til 2017/18-sesongen, seier han.

Vipers si hittil neste plassering i eliteserien er 3. plass frå 2002/03-sesongen. Etter det er 6. plass det beste klubben har prestert i eliteserien.

Etter tre strake sigrar i eliteserien vart det tap mot Glassverket i førre serierunde. Frustrasjonen vart stor over at laget ikkje følgde kampplanen dei hadde lagt på førehand.

– Skal ut å gi jernet

Difor er revansjelysta stor før søndagens kamp mot Larvik.

– Vi skal ut å gje jernet. Vi har mykje å revansjere etter tapet mot Glassverket. Vi vil gjere ein god kamp, men må fikse opp i forsvar. Så er det berre å gasse på, seier Vilde Jonassen.

Vipers ligg to poeng føre Larvik på tabellen før kampen. Larvik starta sesongen med tre minuspoeng på grunn av økonomisk rot. I førre serierunde slo Larvik Nordstrand heile 32–15.

– Det finst ikkje noko ideelt tidspunkt å møte Larvik på. Men alt er mogleg i handball. Vi skal krige og vise det vi kan, seier Marta Tomac.

Dersom Nora Mørk scorar seks mål mot Vipers rundar ho 1000 scoringar for Larvik.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %