Hopp til innhold

Sjekk ut Jerv sin imponerande statistikk

På dei siste 22 seriekampane har FK Jerv kun tapt to kampar. Måndag håpar Ohi Omoijuanfo å forbetre statistikken.

FK Jerv

FK Jerv har berre tapt to av sine 22 siste seriekampar.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi er stinne av sjølvtillit etter to sterke sigrar mot Bryne og Hønefoss, seier Omoijuanfo til NRK.

Omoijuanfo

Ohi Omoijuanfo har scora eitt seriemål for Jerv så langt.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen / NRK

Spelarane i 1. divisjonsklubben har god grunn til å gå med heva hovud. På dei siste 22 seriekampane har laget altså berre tapt to kampar.

Då er dei siste 13 kampane i fjorårets 2. divisjonskamp medrekna.

– Jobbar hardt for kvarandre

Før laget tapte mot Follo i 2. serierunde denne sesongen må vi heilt tilbake til august i fjor for å finne sist laget tapte ein seriekamp. Då tapte sørlendingane 3-4 mot Ørn-Horten etter å ha leia 3-0.

– Det er klart at denne statistikken er veldig bra. Det viser at vi er eit godt defensivt lag. Vi heldt tett bakover og jobbar hardt for kvarandre, seier Jerv-spissen.

I førre serierunde scora han sitt første seriemål for Jerv då dei slo Hønefoss på heimebane. I måndagens oppgjer mot Ranheim i Trondheim ventar han tøff motstand.

– Dei har hatt ein tung start på sesongen og treng poeng for ikkje å ha hamne heilt i botnen, seier Omoijuanfo.

Svaberget (FK Jerv)

Jerv-supportarane har hatt mykje å juble for det siste året.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Offensivt fokus

– Den siste veka har vi hatt mykje fokus på det offensive spelet vårt. Eg trur Ranheim kjem til å ligge lågt. Vi er vande med å styre kampane og satsar på å gjere det i kveld også, seier han.

Det er over ei veke sidan sist seriekamp. Spissen vedgår at det var godt med ein liten kamppause etter eit tøft kampprogram i mai.

– Men no har alle gutta fyrt seg opp igjen og er klare til å ta heim tre poeng, seier han.

På dei siste 22 kampane har Jerv altså kun tapt to kampar. Dei har spelt uavgjort elleve gonger og vunne ni kampar.

Jerv sine siste 22 kampar

2. divisjon 2014

Jerv - Ørn Horten

3-4

Asker - Jerv

3-3

Jerv - Kongsvinger

2-1

Strømsgodset 2 - Jerv

2-2

Jerv - Arendal

2-0

Vindbjart - Jerv

1-1

Jerv - Fløy

1-0

Odd 2 - Jerv

0-0

Holmen - Jerv

3-3

Jerv - Birkebeineren

9-0

Fram Larvik - Jerv

0-2

Jerv - Pors Grenland

4-0

Notodden - Jerv

0-2

1. divisjon 2015

Sandnes Ulf - Jerv

2-2

Jerv - Sogndal

0-0

Follo - Jerv

2-1

Jerv - Brann

2-2

Hødd - Jerv

0-0

Jerv - Strømmen

0-0

Jerv - Bryne

3-0

Kristiansund - Jerv

1-1

Jerv - Hønefoss

2-1

Ekspander/minimer faktaboks
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %