– Eg får nesten dagleg telefonar frå bilistar som er uroa for mørke syklistar og spesielt i skumringa, seier distriktsleiar Pål Ove Sodefjed i Trygg Trafikk til NRK.
– Ein syklar ut etter skule og jobb, tek ein tur på 3–4 timar, så er det mørkt før du kjem heim att. Det er ikkje alle som tek det med i betraktning no for tida, seier han.
Tidleg måndag morgon møttest medlemmer frå Grimstad sykleklubb og Arendal cykleclub i tussmørket på Fevik.
Ikkje hundre prosent synleg
Fleire av syklistane fekk ei aha-oppleving då dei testa ut kor synlege dei var med og utan lys.
– Eg har aldri vore ute og sykla når det er så mørkt. Eg ser kor viktig det er å ha lys på sykkelen, seier Oskar M. Johansson.
– Det er viktig å ta omsyn. Dersom ein har lys må ein vite at alle kanskje ikkje legg merke til det. Sjølv om du har lys er du ikkje hundre prosent synleg, seier Morten Skoland Andreassen frå Grimstad sykleklubb.
Vil dele ut lykter
Han og dei andre syklistane som var med ut måndag morgon lovar no å skjerpe lysbruken.
– Dette er eit veldig bra initiativ. Det er noko vi ynskjer å vere med på. Vi vil dele ut lyktsett til våre medlemmer som treng det, seier leiar i Arendal cykleklub, Fredrick Berntsen.
Trygg Trafikk understrekar at folk må sjekke kvar lykta kan brukast når ein kjøper ei lykt.
– Dei sterkaste lyktene er i utgangspunktet berekna for bruk i terrenget. Dei kan vere blendande for møtande køyretøy, seier Sodefjed.