Gjestene hadde ikkje vunne ein kamp denne sesesongen før kampen mot Amazon Grimstad på Levermyr stadion.
Optimismen var stor i Amazon-leiren før kamp, men laget kom raskt ned på jorda. For kampen var berre sju minutt gammal då Lisa Naalsund sende bortelaget i leiinga.
– Fortener ikkje å vinne
Kaptein Kristine Meland utlikna 20 minutt seinare på eit langskot. Grøntrøyene var nær ved å ta leiinga rett før pause, men stolpen berga Arna-Bjørnar.
Andre omgang skulle bli Arna-Bjørnar sin. Drygt ti minutt ut i omgangen sende Sigrid Heien Hansen hordalendingane i leiinga. Berre fem minutt etter det var det Tina Algrøy som i praksis punkterte kampen då ho sette inn 3-1 til Arna-Bjørnar.
– Surt. Vi gjorde nokre enkle feil på baklengsmåla. Då fortener vi ikkje å vinne i dag, seier kaptein Kristine Meland til Agderposten.
På 9. plass
Dermed blir Grimstad-klubben ståande med fire poeng i Toppserien.
Amazon ligg på 9. plass på tabellen etter fem serierunder.
Arna-Bjørnar klatra forbi Amazon på tabellen med sigeren på Levermyr. Dei ligg på plassen over med same poengsum.