Hopp til innhold

Rusmisbrukarar får kokkekurs

Rusmisbrukarar i Kristiansand slit ikkje med underernæring, men med feilernæring ifølgje ernæringsfysiolog. No får dei tilbod om kokkekurs for å få elementær opplæring på kjøkkenet.

Matlaging

Rusmisbrukarar i Kristiansand slit med feilernæring. No skal kommuna tilby kokkekurs.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Når det kjem til inntak av mat og om dei er i ein aktiv rus, så er det ofte at dei vil prioritere rusmiddelet framfor mat. Det er ei kjent problemstilling.

Det seier ernæringsfysiolog i Kristiansand kommune, Thomas Gordeladze.

– Akkurat som med denne brukargruppa som med andre, så er kosthaldet viktig.

No skal rusmisbrukarar i Kristiansand få tilbod om kokkekurs for å lære seg å ete riktig mat.

– Gjekk ofte i «12-øres» og cola

Ifølgje Gordeladze slit ikkje rusmisbrukarar i Kristiansand med underernæring, men med feilernæring.

– Ein del av desse bustadane har avtalar med daglegvareforretningar, der dei til dømes får frukt og mat frå varmdisken. Så tilbodet er veldig mykje betre her i Kristiansand enn andre stader.

Gordeladze får støtte av kommuneoverlege Dagfinn Haarr i Kristiansand, som har mange års erfaring med å behandle ruspasientar.

– Akkurat dette med ernæring var noko av det vi verkeleg sleit med. Det gjekk veldig ofte i «12-øres» og cola, opptil fleire liter i døgnet. Så dei fekk dekka kaloribehovet sitt, men ikkje så veldig mykje meir, seier Haarr.

Dagfinn Haarr

Kommuneoverlege i Kristiansand, Dagfinn Haar, seier mange rusmisbrukarar manglar elementær opplæring på kjøkkenet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Manglar elementær opplæring

Haarr meiner det er viktig å byrje med heilt elementær opplæring på kjøkkenet.

– Nokre av mine pasientar har i grunnen aldri lært å sitje rundt eit bord og ete ein vanleg middag. Det er heilt elementære ting dei faktisk ikkje kan.

Han seier rusmisbruket kan gå utover daglegdagse ferdigheiter.

– Sjølv om dei har, eg pleiar å sei litt flåsete «mastergrad i å vere rusmisbrukarar», så har den gått på bekostning av veldig mykje kvardagslærdom.

Og det er nettopp elementær kjøkkenopplæring kokkekurset skal lære bort, ifølgje ernæringsfysiolog Gordeladze.

– Det å vise korleis ein skrur på komfyren, korleis den fungerer, at ein kan regulere varme, kva som er forskjellen på dei forskjellige instrumenta ein brukar på kjøkkenet og så vidare.

– Kjempesteg i riktig retning

Det er ein stor siger viss rusmisbrukarar lukkast med å klare å lage sin eigen mat, hevdar Gordeladze.

– Dei blir stolte av at dei har laga noko sjølv. Og så blir det dette med hjelp til sjølvhjelp, at dei kanskje går litt vekk frå dette om at dei får den maten frå bakeriet og slikt servert.

Å byrje i det små er starten på ei positiv utvikling, meiner han.

– Kanskje kan dei byrje å lage seg mat eit par gonger i veka, så er også det eit kjempesteg i riktig retning.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %