Hopp til innhold

Risikerer millionerstatning om p-hus vert stoppa

Rådmannen i Kristiansand åtvarar politikarane i byen mot å stoppe bygginga av eit parkeringshus under Torvet.

Skal grave fram 50 skjeletter

Arkeologiske undersøkingar er allereie i gong på Torvet i Kristiansand.

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

Kommunen kan få eit erstatningskrav på minimum 50 millionar kroner dersom parkeringshuset under Torvet ikkje vert bygd, ifølgje rådmannen.

– Eit nøkternt anslag på erstatningsbeløp ut frå det vi kjenner til, tilseier minimum 50 millionar kroner. Ei eventuell erstatning vil måtte belastast kommunen sitt driftsrekneskap og må finne dekning ved reduksjon av andre driftspostar, skriv rådmannen i ei innstilling som er sendt til medlemmene i bystyret.

Samla inn 2000 underskrifter

Interessegruppa «Torvets Venner» samla inn over 2000 underskrifter mot bygging av eit parkeringshus på Torvet.

Dei ville også gå til retten for å få stoppa utbygginga. Dette vart seinare avvist av Kristiansand tingrett.

Det er allereie sett i gong arkeologiske utgravingar før bygging av parkeringshuset.

– Ein snuoperasjon vil også kunne ha negativ innverknad på Kristiansand kommune sitt omdømme som kontraktspart i framtidige prosjekt, skriv rådmannen i innstillinga.

Meiner summen er feil

Men «Torvets venner» trekk rådmannen sitt reknestykke i tvil og meiner at kommunen må ut med ein langt lågare sum dersom ein stoppar utbygginga.

– Innstillinga går på at dei vil at arbeidet skal halde fram. Då set dei jo summen utifrå det. Så summen er høgst diskutabel. Vi har spurt fagfolk om dette som har ei heilt anna oppfatning og meiner at summen er langt lågare, seier leiar i interessegruppa, Olav Grendstad.

Bystyret skal behandle saka i neste veke.

Kan ha brote reglar

Utbygginga av parkeringshuset har også blitt klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA.

Dei har førebels konkludert med at parkeringshuset kan ha fått grønt lys mellom anna i strid med anbodsreglar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %