Hopp til innhold

Refsar De Kristne-veljarar: – Har svekka KrF sin regjeringsposisjon

Lokallagsleiar i Vennesla KrF, Celina Hagen, går hardt ut mot veljarane som har stemt på De Kristne.

Celina Hagen

Celina Hagen (KrF) meiner at De Kristne har bidrege til å få færre stemmer som kjempar for dei kristne verdiane.

Foto: NRK

– Vi ser at De Kristne ikkje vert representert på Stortinget. Dei har bidrege til å få færre stemmer som kjempar for dei kristne verdiane, seier Hagen til NRK.

Trass i at KrF ser ut til å gjere eit betre val enn i 2009 står ikkje stemninga i taket på valvaka i Kristiansand. Hans Fredrik Grøvan kjem truleg inn på Stortinget, men Hagen og KrF hadde håpa på eit sterkare resultat.

– Eg trur Hans Fredrik vil gjere ein god jobb. Det ser ut til at han kjem inn. Det er bra, men vi skulle gjerne ha hatt med Thorild Bransdal også, seier Hagen.

Hagen meiner at partiet De Kristne må ta mykje av skulda for at Bransdal ikkje kjem på Stortinget.

– Eg tykkjer at veljarane skal merke seg det. Stemma deira er tapt. Dei har ikkje fått noko ut av stemmene i forhold til at KrF kunne ha vore med og fått ein større posisjon på Stortinget, seier Hagen.

– Vi hadde håpa på eit litt betre resultat enn dette. Det må eg vere ærleg å innrømme. Vi må sjå reusltatet i samanheng med at De Kristne har fått større oppslutnad enn eg hadde trudd. Eg trur dei har teke dei fleste veljarane frå oss, seier Hans Fredrik Grøvan.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %