Carl Carlsen - FORTVILAR: Carl Carlsen tykkjer det er leit at nokon har stole juletreet utanfor butikken hans. - Foto: Foto: Erik Wiig Andersen/NRK /

FORTVILAR: Carl Carlsen tykkjer det er leit at nokon har stole juletreet utanfor butikken hans.

Foto: Erik Wiig Andersen/NRK

Rappar med seg juletre

Butikkeigarar i Arendal sentrum fortvilar over at frekke tjuvar stel juletrea som står til pynt utanfor butikkane.

Onsdag i førre veke forsvann juletreet utanfor butikken til Carl Carlsen for andre gang på to år.

– Juletreet stod utanfor butikken med lys og det heile. Det er vel to og ein halv meter opp til kontakten, så dei må ha klatra opp på eit vis, seier han til NRK.no.

– Hærverk

– I fjor heldt juletreet i ein dag før det forsvann, i år fekk det stå i to dagar. Vi må vel ha det mest populære treet i Arendal by når det er over 30 andre tre her, spekulerer Carlsen.

Han har lite til overs for dei som står bak tjuveriet.

– Det er vel nokon som vil pynte opp heime. Men det er jo eit spesielt tre. Det er klippa til slik at det ikkje skal komme så langt ut i gata, så kva ein kan bruke det til er eg ikkje heilt sikker på. Det er nok litt hærverk og litt rampestrek, seier han.

Julegate i Arendal - PYNT: 30 juletre pyntar opp Arendal sentrum. - Foto: Foto;: Erik Wiig Andersen/NRK /

PYNT: 30 juletre pyntar opp Arendal sentrum.

Foto: Foto;: Erik Wiig Andersen/NRK

Må skaffe nytt tre

Alle butikkane i Havnegata i Arendal sentrum har pynkta opp med juletre. Då er det ekstra ergeleg at folk rappar dei med seg.

– Vi har fått det veldig fint. Då er det litt synd at dei skal forsvinne. No må eg få tak i både nytt tre og nye lys, seier Carlsen.

Video og TV-reportasjer

Nærmere 1000 lærere møtte opp i en stor streikedemonstrasjon i Arendal torsdag.
Treninga og satsinga til sjukjemper Ida Markussen har blitt en filosofi. 27-åringen streber etter det enkle og asketiske, på veien mot å bli best.
Søndagsåpne butikker har i år vært forsøkt med suksess i flere sørlandsbyer. I Farsund har dette vært så vellykka for enkelte butikker at sommerhandelen har blitt større og viktigere enn julehandelen.