Hopp til innhold

– Håpar verkeleg Vipers lukkast med satsinga

Larvik-veteran Lene Rantala har tru på at Vipers Kristiansand kan ta opp kampen med dei beste laga i Norge.

Lene Rantala

Larvik-målvakt Lene Rantala håpar Vipers Kristiansand lukkast med satsinga si.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Eg håpar for alt i verda at Vipers får det til. Jo meir spennande eliteserien blir, jo betre er det for alle, seier målvaktveteranen til NRK.

Vipers Kristiansand har skrive ei intensjonsavtale med tidlegare landslagstrenar Gunnar Pettersen.

– Må ha arbeidshestar

Ole Gustav Gjekstad under Kick-Off for eliteserien i håndball

Larvik-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

For at Pettersen skal skrive under kontrakt må klubben mellom anna hente fleire kvalitetsspelarar. Namn som Heidi Løke og Katrine Lunde har vore nemnt. Vipers har allereie fått nei frå landslagsspelar Tonje Nøstvold.

– Det er ikkje berre å hente mange spelarar. Ein må også få det til å fungere. Det er viktig å ha ein stamme med lokale spelarar som blør for drakta, nokre arbeidshestar, seier ho.

Larvik-trenar Ole Gustav Gjekstad er skeptisk til intensjonsavtala Vipers har gjort med Pettersen.

– Det er farleg å ha ein trenar på intensjonsavtale i alle fall veldig lenge. Vanlegvis skal trenaren vere på plass og deretter kjem spelarane. Eg håpar ikkje ein leikar venteleiken altfor lenge. Når alle ventar på kvarandre kan det bli vanskeleg, seier han.

– Alt er mogleg med pengar

– Men eg håpar verkeleg Vipers får til det dei ynskjer. Det hadde vore spennande for alle. Eg håpar eg møter Gunnar på den andre sida neste år. Han er ein flink trenar, seier han.

Gjekstad er klar på at det er vanskeleg å hente spelarar i toppklasse.

– Det veit eg alt om. Det er ein tøff jobb, men har ein pengar er alt mogleg, seier Gjekstad.

Sportsleg leiar i Vipers Kristiansand Peder Langfeldt stadfestar at klubben er i forhandling med spelarar.

– Det er vi. Då snakkar vi spelarar med internasjonal erfaring. Vi ynskjer å få ting i boks så raskt som råd. Vi jobbar med dette kvar dag, seier han.

Langfeldt er glad for at Larvik-profilane er positive til satsinga.

– Det er hyggeleg å høyre frå folk som kan det, seier han.

Annette jensen og peder langfeldt

Sportsleg leiar Peder Langfeldt saman med Annette Jensen som skreiv under ny kontrakt med Vipers i januar.

Foto: Odd Rømteland / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %