Hopp til innhold

Nytt slagord skal trekkje folk til Sørlandet

I framtida skal Kristiansand marknadsførast som «barnas by». Det nye slagordet vart presentert av næringsforeininga i Kristiansand og Visit Sørlandet tysdag føremiddag.

Lanserte nytt slagord

Det nye slagordet vart lansert på eit møte i Kristiansand tysdag.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Dette skal posisjonere Kristiansand som eit reisemål. Vi har valt eit viktig fokus som vi veit vi er sterke på allereie, seier Trond Backer som er marknadsstrateg i Backer og Bang til NRK.

Firmaet har vore med på å utarbeide det nye slagordet.

– Vi har masse bevisførsel på det. Vi trur at barnas by er relevant ikkje berre for reiselivet, men for anna næring, akademia og alt som rører seg, seier han.

Vil ha utvikling

Han viser mellom anna til at Kristiansand allereie vert sett på som ein feriedestinasjon med Dyreparken i spissen.

– Samstundes opplever vi det som ein ledig posisjon. Det er ingen andre byar i landet som kan seie at dei er barnas by like sterkt som Kristiansand kan seie. Det er ingen som kan profilere seg på same måte, meiner han.

Backer viser til at Tromsø profilerer seg som nordlysbyen, medan Bergen marknadsfører seg som ein kulturby.

– Vi må først og fremst byggje vidare på bevisa. Vi må vidareutvikle, produktutvikle og snakke med kommunane dette er relevant for. Dette gjeld jo heile kristiansandsregionen, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Intervju med Trond Backer om Kristiansands satsing på tilbud for barn.

VIDEO: Sjå intervju med Trond Backer som er marknadsstrateg i Backer og Bang

– Dette er vi verdsleiande på

Heidi Sørvig som er dagleg leiar i reiselivsorganisasjonen Visit Sørlandet meiner det var viktig å finne eitt spesielt område for å marknadsføre Kristiansand.

– Vi kan ikkje vere noko for alle, for då når vi ikkje fram i marknaden. Vi treng å seie ein ting, dette er vi best på, dette er vi verdsleiande på, om vi kan bruke eit litt flåsete uttrykk, seier Sørvig til NRK.

– Kva skal de bruke dette til?

– Vi skal bruke det til å posisjonere og marknadsføre Kristiansand som reisemål. Det blir ein retningsgjevar til framtidig produktutvikling både når det gjeld infrastruktur, men og bedrifter som skal etablere seg og allereie er etablert, seier ho.

– Det er ei nyttig retningslinje for kva som bør vere førande i produktutviklinga, seier Sørvig.

Budd på reaksjonar

Ho påpeikar at dei er budde på å få negative tilbakemeldingar på at dei landa på «barnas by».

– Så langt har tilbakemeldingane vore gode. Men kvar gang ein vel å gå ei retning eller ein posisjon, så er det alltid slik at noko vert valt bort. Då vil det kanskje vere nokon som kjenner at dei fall utanfor eller ikkje kjende seg heilt att, seier Sørvig.

Intervju med daglig leder ved Visit Sørlandet Heidi Sørvig.

VIDEO: Sjå kva dagleg leiar Heidi Sørvig i Visit Sørlandet seier om det nye slagordet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %