Hopp til innhold

Politimann kalla utkasting ei «skam» - får støtte

Den lokale politimannen frå Mandal, som henta Faizullah Muradi då han skulle sendast ut, står ved sin kommentar om at utsendinga er ei «skam».

Afghanske Faizullah Muradi, som har vært kamptolk for norske styrker i hjemlandet, ble i natt hentet av politiet.

Sjå arrestasjonen av Faizullah Muradi i Mandal natt til tysdag. Det var her politimannen sa at han meinte at det som skjedde var ein skam.

Politimann hentar Faizullah Muradi

Politimannen seier at han ikkje angrar på at han sa at utkastinga var ein skam, då han henta Muradi natt til tysdag.

Foto: Privat

– Etter mi meining er dette ei skam, sa ein av politimennene som henta 22-åringen frå ei leilegheit i Mandal natt til tysdag.

NRK har vore i kontakt med politimannen onsdag. Han vil ikkje la seg intervjue, men seier at han står ved kommentaren om at utsendinga var ei skam.

– Ubehageleg

Politimannen seier at det var eit ubehageleg oppdrag fordi han måtte påføre tolken ei vonde ut ifrå ei avgjerd han meiner er feil.

Han understrekar samstundes at han ikkje kjenner dokumenta i saka.

På Twitter får politimannen støtte frå mange. «Dagens helt» og «godt sagt» er nokre av kommentarane.

Tidlegare justisminister Anne Holt er ein av dei som støttar politimannen.

– Tøff politimann i utkastingssak på Dagsrevyen, skreiv Holt.

Politiets Fellesforbund: – Ein glipp

Informasjonsrådgjevar Gry Jorunn Holen i Politiets Fellesforbund seier at politifolk ikkje bør ytre seg personleg i saker.

– For oss er det ein glipp at han seier kva han meiner i saka. Men politifolk er også menneske i saker, og slike gleppar skjer, seier Holen til NRK.

Politimannen let mellom anna venen til Muradi sitje på i politibilen til Kristiansand lufthavn Kjevik.

I eit intervju med NRK etter pågripinga gav Muradi skryt til dei to politimennene som henta han.

– Dei var veldig venlege mot meg og gjorde berre jobben sin, seier han.

Her er nokre av Twitter-kommentarane:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %