Hopp til innhold

Politiet: – Folk må køyre forsiktig

Politiet på Agder ber folk ta det med ro i trafikken på grunn av særs glatte vegar. Det har vore ei rekkje trafikkuhell og ulykker på Sørlandet måndag ettermiddag.

Ulykke ved Stoa

Åtte bilar kolliderte ved Stoa i Arendal måndag ettermiddag.

Foto: Marianne Rimstad Nordvik/NRK

– Det er veldig glatt. Det ligg snø på vegen og det er is i botnen. Køyr seint og roleg, elles vert det fleire ulykker, seier politiførstebetjent Bernt Byklum til NRK.

Han var sjølv på ei av ulykkene på E18 ved Stoa i Arendal. Her var åtte køyretøy involvert i ein kjedekollisjon. Her vart to personar sende til sjukehus.

På E39 i Mandal er ein person send til sjukehus etter ei trafikkulykke. Her kolliderte eit vogntog med ein personbil. Klokka 16.40 var vegen framleis stengd.

Vegtrafikksentralen får stadig inn meldingar om glatte vegar og ber folk ta det med ro.

– Det er særs glatte vegar. Folk må veldig ned med farta, seier Harald Robersvik ved 110-sentralen i Arendal.

Operasjonsleiar i Agder-politiet Per Kristian Klausen har hatt ein hektisk ettermiddag. Også han ber folk vere forsiktige.

– Det er veldig glatt mange stader. Då må folk ned med farten, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %