Hopp til innhold

Politiet leitar etter væpna mann

Væpna politi jaktar ein mann som truga to politimenn med eit handvåpen i Tvedestrand.

Leter etter væpnet mann

Væpna politi jaktar ein mann som truga to politimenn med eit handvåpen i Tvedestrand.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Politiet fekk melding om hendinga klokka 12.39 onsdag ettermiddag.

– Personen var maskert og retta handvåpen mot politimennene som var uvæpna og trekte seg ut. Fleire patruljer vart sende til staden, seier operasjonesleiar Geir Ove Andersen til NRK.

To politimenn vart sende ut for å leite etter mannen etter at han ikkje møtte opp til eit rettsmøte onsdag føremiddag.

(Saka fortset under bilete)

Jaktar væpna mann

Politiet har gjennomsøkt ei leilegheit i sentrum av Tvedestrand.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

– Leilegheita er no gjennomsøkt og mannen har forlete staden. Det er uvisst kvar han er. Vi har fleire patruljer som leitar etter mannen i Tvedestrand og omegn, seier Andersen.

Politiet har patruljer ute i både Aust-Agder og Vest-Agder. I tillegg er politiet i Telemark varsla.

NRK oppdaterer artikkelen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %