– Gunnar er ein av dei aller beste trenarane vi har i landet, seier sportsleg leiar i Vipers Kristiansand, Peder Langfeldt til NRK.
- SJÅ: Eliteserietabellen
NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med Pettersen søndag, men til Fædrelandsvennen seier han følgjande:
– Eg er trigga av Vipers sine ambisjonar og eg har inngått ei intensjonsavtale med klubben, seier han.
– Vanvittig erfaring
Klubben har i lengre tid jobba med å finne ein ny trenar. For kort tid sidan gav noverande trenar Thomas Hørlyk beskjed om at han ikkje vil halde fram i klubben etter denne sesongen.
Peder Langfeldt trur Pettersen har mykje å tilføre Vipers-laget. Trenaren har mellom anna trent det norske herrelandslaget i to periodar.
– Han er ein veldig merittert trenar og har vanvittig bra erfaring. Han har mykje å lære bort, seier Langfeldt.
Men Vipers Kristiansand må oppfylle fleire krav som Pettersen har sett fram for at han skal skrive under med klubben.
Jaktar landslagsstjerner
Ifølgje Fædrelandsvennen har Pettersen gitt Vipers frist til rundt midten av mai til å sikre seg spelarane han er førespegla.
– Det er småting vi må oppfylle for at det skal bli ein realitet, men det føler eg vi har ei god moglegheit til å klare, seier Langfeldt.
Vipers Kristiansand har fleire spelarar på blokka. Tonje Nøstvold har allereie fått tilbod frå kristiansandsklubben. I tillegg jaktar dei Heidi Løke og Katrine Lunde, skriv Fædrelandsvennen.
– Slike ting held vi tett til brystet, seier Langfeldt til NRK.
Vipers Kristiansand har skuffa så langt denne sesongen. Klubben ligg heilt nede på 9. plass på tabellen etter åtte kampar.