Hopp til innhold

Tre personar pågripne etter skyteepisode

Ein mann blei skutt i kneet med eit luftvåpen i Vågsbygd måndag kveld. Tre personar er pågripne.

Vågsbygd

Tre personar er pågripne etter at ein fjerdemann blei skutt med luftvåpen i Kristiansand måndag kveld.

Dei tre blei pågripne under ein væpna aksjon mot eit bolighus i Vågsbygd ved 22-tida. Fleire patruljar deltok i aksjonen. Dei tre vart ikkje pågripne på same staden som dei skadde blei funne.

Operasjonsleiar i Agder politidistrikt, Magne Storaker, fortel til Fædrelandsvennen at desse skal avhøyrast av politiet.

– Desse tre skal avhøyrast no, slik at vi finn ut av bakgrunnen for episoden. Alle fire er kjenningar av politiet.

Laster Twitter-innhold

Politiet fekk melding om hendinga klokka 21.08 og drog til staden. Nærare 21.30 kom det fram at det dreiar seg om ei mindre personskade. Ambulansen tok med seg den fornærma til legevakta.

Storaker fortel til avisa at den fornærma skal avhøyrast seinare, og at dei ikkje leitar etter fleire mistenkte. Måndag kveld foretek politiet undersøkingar i boligen der dei tre personane blei funne.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %