Hopp til innhold

Over 500 mistar jobben

Kring 500 fast tilsette og konsulentar i oljeserviceselskapet MHWirth mistar jobben sin.

MHWirth i Korsvik

Kring 300 fast tilsette og konsulentar ved MHWirth i Kristiansand blir sagt opp.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Til saman 230 fast tilsette får måndag beskjed om at dei mistar jobben.

I tillegg er det klart at firmaet truleg avsluttar samarbeidet med kring 300 innleigde konsulentar. Dei fleste kontraktene vil bli avslutta i andre kvartal.

Selskapet opplyser overfor NRK at kring 75 av dei 230 fast tilsette går ved naturleg avgang.

300 berre i Kristiansand

Kring 150 av dei fast tilsette er lokalisert i Kristiansand. 200 av dei 300 konsulentane har hatt tilhald ved kontoret i Kristiansand.

Det betyr at over 300 i Kristiansand mistar jobben sin. Hovudårsaka til nedskjæringane er situasjonen i marknaden.

Leiinga kalla i føremiddag inn ein og ein tilsett der dei fekk beskjed om at dei var sagt opp.

Vil ikkje kommentere

MHWirth har hovudkontor i Kristiansand der det er kring 1600 tilsette. Totalt har selskapet 4200 tilsette.

Selskapet skal kutte mellom 500 og 600 millionar kroner.

Selskapet vil førebels ikkje kommentere nedskjæringane. Leiinga seier til NRK at dei vil ha fokus på dei som mistar jobben sin.

– Eg beklagar, men vi har det særs travelt og ynskjer å prioritere våre tilsette, skriv HR-direktør Bjørg Hansen i ein e-post til NRK.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %