Hopp til innhold

Her vert vogntogsjåføren nekta å køyre vidare

Over 30 vogntog fekk køyreforbod på Sør- og Austlandet natt til fredag fordi dei var for dårleg skodde. Statens vegvesen og politiet sette i gang storkontroll i Agder og Telemark etter fleire trafikkuhell med utanlandske vogntog.

Over 30 vogntog fikk i natt kjøreforbud på Sør – og Østlandet fordi de var for dårlig skodd.
Statens vegvesen og politiet har satt i gang storkontroller i Agder og Telemark etter flere trafikkulykker med utenlandske vogntog. I går kveld ble E18 i Telemark og Arendal stengt i flere timer på grunn av vogntog.

VIDEO: Ein rumensk vogntogsjåfør vart nekta å køyre vidare frå hamna i Kristiansand fordi han køyrde på sommardekk.

– Vi har ein kar her borte som ikkje har alt i orden. Det er vel ein rumensk bil, seier køyretykontrollør Thor Inge Kostøl til NRK.

Saman med to kollegaer og to politimenn kontrollerer han alle vogntoga som kjem i land med danskeferja i Kristiansand. Det er iskald vind og snøen lavar ned.

Kom med sommardekk

Denne gangen er det 20 vogntog som er med båten. Vogntoga stiller seg i kø og må vente i tur og orden på å bli kontrollerte.

– Det verste vi ser er reine sommar dekk. Dette er eit sommardekk, seier Kostøl og peikar på eitt av dekka på eitt av vogntoga.

– Han har lov til å køyre med dette etter lova, men så er det slik at du skal sko deg etter forholda. Slik forholda er no, så er det vinterdekk som gjeld. Vi må sjå om vi kan finne på noko eller om han må vente til vegen er svart igjen, seier Kostøl.

Kontroll av dekk

Køyretykontrollør Thor Kinge Kostøl lyser opp eitt dekk. – Dette er eit sommardekk, seier han.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vogntog sperra E39 og E18

Den siste veka har E39 mellom Kristiansand og Stavanger og E18 mellom Kristiansand og Oslo blitt stengde fleire gonger på grunn av vogntog som har fått trøbbel.

Torsdag kveld sto trafikken i nesten tre timar på E18 i Tvedestrand etter at eit utanlandsk vogntog snurra rundt og sto på tvers av vegen. Tilsvarande skjedde også i Telemark.

Dette førte til at vegvesenet og politiet sette i gang ein storstillt aksjon for å luke vekk dårleg skodde vogntog.

Bjarne Lindland

Politibetjent Bjarne Lindland var med på aksjonen i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vegvesenet kontrollerte alle køyrety som køyrde austover mot Arendal på E18.

– Det er laga ein skikkeleg beredskapsplan frå vegvesenet og politiet. Det gjeld å komme seg ut når vi veit at vêret vert dårleg, slik at vi kan stoppe bilane før dei kjem ut på europavegen, seier politibetjent Bjarne Lindland.

– Eit vanleg problem

Den rumenske sjåføren snakkar dårleg engelsk. Kostøl prøver å forklare at han må vise at han har kjettingar med seg. Etterkvart forstår han kva han meiner og tek oss med på den andre sida av vogntoget.

Der ligg sju posar. Han løftar den eine opp og dreg ut ein kjetting. Den er blank og ser heilt ny ut.

– Han har dei kjettingane han skal ha, men det er ulik dimensjon på tilhengar og bil, seier Kostøl.

Rumenaren klarer ikkje å svare på kva kjetting som skal på kva dekk. Køyretykontrolløren er ikkje nøgd med svaret.

– Det er litt dumt å stå på E39 og ikkje vite kva kjetting du skal leggje på. Dette er eit vanleg problem, kommenterer Kostøl.

Kontroll av dekk på vogntog

Politi og Statens vegvesen undersøkjer dekka på eitt av dei 20 vogntoga som kom i land med danskeferja i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Nekta å køyre vidare

Rumenaren får ikkje køyre vidare før han har bytt ut to av dekka på tilhengaren.

– Han her er nok ikkje ofte i Norge og strevar litt med dette. Dekka på hengaren er slitte, så vi tek han med på stasjonen for å finne to nye dekk, seier Kostøl.

Rumenaren tok køyrenekten med fatning.

– Det er vanskelege forhold når vêret er slik som no, seier Deoli Vasile til NRK.

Politibetjent Bjarne Lindland kontrollerer eit anna vogntog, som er godt skodd og kan køyre vidare.

– Ved tidlegare kontrollar har vi halde att fleire. Vi er her når vêret er verst og då skal dei vere godt skodde. Kjem dei ut på vegane og ikkje er godt nok skodde, så blir dei ståande i bakkane, seier han.

– Korleis reagerer dei dersom dei blir haldne igjen?

– Dei har forståing for det. Dei fleste tek det greit og ventar, seier Lindland.

– Dei veit nok ikkje så mykje om Noreg når dei kjem med sommardekk. På føret som er no er det ikkje bra. Eg veit ikkje om dei sjekkar vêrmeldinga før dei reiser frå landet sitt, men dei bør absolutt ha vinterdekk under slike forhold, seier Lindland.

Denne natta var det kun eitt av dei 20 kontrollerte vogntoga som vart halde att på kaia i Kristiansand.

– Det såg rimeleg greit ut denne gangen, seier Lindland.

Kontroll av vogntog

Til saman 20 vogntog vart kontrollert på hamna i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %