Hopp til innhold

Ordførar sjikanert for utsjånaden

Vennesla-ordførar Torhild Bransdal vurderer politimelding etter at ho vart utsett for sjikane i helga.

Torhild Bransdal hetsa

Denne plakaten vart hengt opp i Vennesla i helga.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Fleire stader vart det hengt opp plakatar som hetsa utsjånaden til ordføraren.

– Dette er hinsides, seier ordførar Torhild Brandsdal til NRK.

I helga vart det hengt opp plakatar fleire stader i Vennesla.

På plakaten er det eit bilete av Bransdal ved sidan av eit radmagert mørkhuda barn.

«Du et som ein gris»

Der står det mellom anna følgjande: «Slutt å påstå at du bryr deg om barn som sultar i Afrika når du et som ein gris», skriv Fædrelandsvennen.

– Eg ser ikkje bort frå politimelding, men eg har ikkje hatt tid til å vurdere det etter at eg fekk kjennskap til det i føremiddag, seier Bransdal.

Måndag kveld er Bransdal i Ivelandshallen der det vert halde folkemøte om kommunesamanslåing.

Plakatane var hengt opp på fleire stolpar i bygda.

Bransdal er den lengstsitjande kvinnelege ordføraren i landet. Ho har vore ordførar i Vennesla sidan 1999.

Toprhild Bransdal

Torhild Bransdal vurderer å melde saka til politiet.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Viste til organisasjon

Det stod følgjande på plakatane som var hengt opp:

«Feite menneske i Vennesla, kan de vere snille å slutte med å vere hyklarar. Slutt å påstå at du bryr deg om barn som sultar i Afrika når du et som ein gris. Et mindre og doner pengane du sparar til reclaimkids.org».

Dette er ein organisasjon i USA som hjelper barn og familiar i Vest-Afrika. Ifølgje Fædrelandsvennen stiller dei seg uforståande til at dei er brukt i ein hets-kampanje.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %