Det er på Kunstgalleriet i Stavanger kunsten til Kjell Nupen skal stillast ut.
– Interessa rundt Nupen er stor i heile Skandinavia, han var meir enn ein nasjonal kunstnar. Vi reknar med at interessa rundt denne utstillinga skal vere internasjonal, seier Elin Halvorsen, som driv galleriet, til Dagbladet.
Det vil dermed bli opna for å sjå og kjøpe kunst for første gang etter at han døydde 12. mars.
Etter Nupens død trekte galleri tilbake kunstverka hans.
– Folk må ikkje bli skremde og tru at det er veldig høge prisar. Det er det ikkje. Vi held oss til dei prisane Nupen hadde på sine utstillingar på slutten, seier Halvorsen til avisa.