Norges skiskyttarforbund offentleggjorde laget torsdag ettermiddag. Der vart det altså klart at Olsbu går første etappe i VM-stafetten fredag.
Å få gå stafetten i VM var 24-åringen sitt store mål denne sesongen.
Olsbu måtte stå over normaldistansen onsdag på grunn av sjukdom. Då sa ho at ho håpa å bli klar til ein eventuell stafett.
– Eg ligg berre i senga, ser på seriar, drikk mykje vatn og tek nasespray. Eg gjer alt eg kan for å bli frisk til stafetten. Det er målet, sa Olsbu.
NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med Olsbu torsdag ettermiddag.
Synnøve Solemdal går andre etappe, Fanny Welle-Strand Horn går tredje etappe, medan Tiril Eckhoff går siste etappe.
Elise Ringen som vart beste norske på normaldistansen onsdag er vraka til stafetten.
– Det er veldig tett mellom eit par av jentene. Det blir veldig vanskeleg å skille dei her og no, så det var små skilnader som gjorde at dette vart laget. Slik det er no, er det Elise som blir reserve, seier landslagstrener Stian Eckhoff til NTB.