Hopp til innhold

Birkeland og Olsbu klar for VM

Skiskyttar Lars Helge Birkeland frå Birkenes er klar for VM etter sterke prestasjonar i Holmenkollen denne helga. Også Marte Olsbu er teken ut til VM.

Lars Helge Birkeland

Lars Helge Birkeland skal til VM.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Lars Helge Birkeland

Lars Helge Birkeland vart beste nordmenn på sprinten i Holmenkollen laurdag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg håpar på å få gå sprint og jaktstart. Vi har fem plassar der, så eg satsar på det, seier han.

Birkeland gjekk siste etappe for det norske laget, men hadde ei umogleg oppgåve. Norge låg over to minutt bak Tyskland som var i tet, då Birkeland la ut på si etappe.

Men sørlendingen gjorde sine saker bra. På første skyting måtte han riktignok bruke to ekstraskot, utan at han tapte nemneverdig til teten.

Komm.: Andreas Stabrun Smith, Ola Lunde og Liv Grete Skjelbreid.

Sjå intervju med Lars Helge Birkeland etter at VM-uttaket vart offentleggjort.

God helg for Birkeland

På siste skyting leverte han ein sterk serie med fullt hus i høgt tempo. Dermed følgde han opp innsatsen på sprinten laurdag der han vart beste nordmann på 5. plass.

Berre få minutt etter målgang kom nyheita om at Birkeland er teken ut på det norske VM-laget.

Det er førebels ikkje kjent kva distansar han eventuelt skal gå.

Det var Russland som gjekk til topps i stafetten. Tyskland vart nummer to, medan Austerrike vart nummer tre.

Komm.: Andreas Stabrun Smith, Ola Lunde og Liv Grete Skjelbreid.

Sportssjef Per Arne Botnan i skiskyttarforbundet offentleggjorde siste del av VM-troppen søndag ettermiddag.

Olsbu: – Det var digg

Også Marte Olsbu frå Froland er teken ut til VM i finske Kontiolahti, som startar 5. mars.

– Eg vart veldig glad. VM har vore målet i år. Det var digg å få beskjeden, seier Olsbu til NRK.

– Har du følt deg trygg på ein plass?

– Etter nokre gode løp tidlegare i sesongen følte eg kanskje at eg kom til å få bli med, seier ho.

Olsbu leverte ein sterk førsteetappe på stafetten søndag.

– Det gjekk kjempebra. Det var godt å vise at eg kan. I laurdagens løp vart det for mykje bom, seier ho.

Marte Olsbu

Også Marte Olsbu er VM-klar.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %