- Spark for spark:
Laurdag ettermiddag sparkar sørlendingane i gang haustsesongen i bortemøtet med Sarpsborg 08.
– Eg er litt spent på Start. Dei opna sesongen bra og så vart det delvis bråstopp, seier Nordlie til NRK.
– Må tette igjen
Start hadde ei særs god sesongopning med to sigrar og to uavgjort på dei fire første kampane. På dei åtte neste står laget bokført med berre ein siger. Den kom mot Odd på bortebane 16. mai.
– Start må tette igjen betre bak dersom dei skal klare å halde seg. Men eg tippar at Start vil klare å halde hovudet over vatnet, seier Nordlie.
Dei gule og svarte ligg på 13. plass på tabellen etter dei 12 første kampane. Avstanden ned til kvalifisering er på to poeng, medan det er tre poeng ned til Molde som ligg på nedrykksplass.
– Viktig med god start
Denne helga møtest fleire av laga, som var spådd å kjempe i botnen før sesongstart, innbyrdes. Sarpsborg 08 tek altså imot Start, Hønefoss møter Odd, medan Sandnes Ulf tek imot Sogndal i Rogaland.
– Når du møter lag som ligg rundt deg på tabellen er det ein fordel å ta poeng, seier han.
– Det er viktig for det mentale å få ein god start på haustsesongen. Då får ein sjølvtillit og det er lettare å få ein flyt inn i neste serierunde, seier NRK-eksperten.
Trur Molde vil klatre
Nordlie trur Sogndal, Sarpsborg 08 og Odd er blant laga som vil måtte kjempe om å unngå nedrykk gjennom hausten.
– Eg ventar at Molde vil klatre litt høgare på tabellen. Det er naturleg med den stallen dei har, seier Nordlie.
Molde ligg nest sist på tabellen før haustsesongen vert sparka i gang.