Hopp til innhold

Mjelde håpar på festkveld mot Vålerenga

Start-trenar Mons Ivar Mjelde meiner at laget er godt budd før møtet mot Vålerenga.

Weblyd01 Norge --> legg inn stillhet 3t før sending pga. DVR! (uten redundans)

Høyr Start - Vålerenga direkte på radio.

Laster innhold, vennligst vent..

– Kampane mot Vålerenga er alltid kjekke. Vi ventar mykje folk på stadion og eg håpar vi kan få ein festkveld. Spelarane er klar, seier Mjelde til NRK.

Kristoffer Ajer, Start

Kristoffer Ajer scora fire mål i cupen tysdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Verken Start eller Vålerenga har tapt så langt i eliteserien. Vålerenga står med to sigrar og ein uavgjort. Start har vunne ein og spelt to kampar uavgjort.

– Tøff kamp

Tysdag slo Start Vigør 5-0 i cupen. Då scora stortalentet Kristoffer Ajer fire mål.

– Det blir ein tøff kamp. Vålerenga er eit godt lag, men vi er på heimebane og går sjølvsagt for tre poeng, seier Ajer.

I fjor vann ikkje Start mot Oslo-klubben. I Kristiansand vart det uavgjort 2-2, medan Start tapet 0-1 på Ullevaal i siste serierunde.

Den hurtige Vålerenga-spissen Deshorn Brown blir ei tøff nøtt for Start-forsvaret. Jamaicanaren scora begge måla til Vålerenga då dei slo Haugesund førre helg.

– Vi skal stoppe alle angriparar uansett kor hurtige dei er. Det blir ein artig kamp med to lag som har opna sesongen sterkt, seier Start-spelar Espen Hoff.

Wæhler friskmeld

Hoff må stå over oppgjeret for Start. Angriparen er suspendert etter «ballesparket» på Sandefjord-spelar Kevin Larsen i førre heimekamp.

Andreas Hollingen, som starta førre serierunde mot Mjøndalen, må stå over Vålerenga-kampen på grunn av skade.

Vålerenga-veteranen Kjetil Wæhler er friskmeld og med i VIF-troppen, som reiste til Kristiansand torsdag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %