Millionar til restaurering

To av tolv utvalde anlegg som får støtte frå Riksantikvaren over statsbudsjettet til vedlikehald ligg på Sørlandet.

Næs jernverk

FÅR STØTTE: Nes Jernverk i Tvedestrand får nesten ein million kroner til restaureringsarbeid.

Foto: Lisen Roll©Riksantikvaren

Jernverkmuseet vart oppretta i Tvedestrand i 1665. Jernverket var eit av dei viktigaste jernverka i landet på 1800-talet. No får museet nesten ein million kroner.

Jernverket var det siste i sitt slag som heldt fram med produksjon av jern på gamlemetoden. Det vil seie trekol og malm. I 1909 vart den siste masomnen sløkt.

Næs Jernverk vart lagt ned i 1959 etter kring 300 år i drift. I dag er jernverket eit freda museum. I 2009 vart museet ferdigstilt.

Samstundes får Sjølingstad Uldvarefabrik i Mandal pengar frå Riksantikvaren. Produksjonen ved anlegget vart lagt ned i 1984. I 1989 vart anlegget gjort om til museum. Museet får over 1,6 millionar kroner.

Totalt er 39 millionar kroner fordelt til tolv ulike gamle industrianlegg i Noreg.

Video og TV-reportasjer

NRK tar temperaturen hos alle eliteserieklubbene 11 dager før seriestart. Programleder: Carina Olset. Eksperter: Lise Klaveness og Tom Nordlie.
Utbrudd av meslinger i den vestlige verden har ført til diskusjon rundt vaksine av barn. I Arendal opplever de nå en strøm av foreldre som tidligere valgte bort vaksine for barna, men som nå kommer og ber om sprøyte.
Aust-Agder har fått sitt eget sjøfartsmuseum. I dag ble museet på Hasseldalen i Grimstad, åpnet med forventning og fanfare.