- Timinga var riktig i forhold til hans nye line-up og den nye plata hans som vert slept i mai, seier bookingsjef, Trond Aage Nyhus til NRK.
Mye bråk sist
Manson er ein omstridd artist og det vart mykje bråk før han kom til Quartfestivalen i 1999. Fleire kristne demonstrerte og det vart generelt oppstyr blant sørlendingane, som reagerte på rockaren sitt fokus på sex, dop og angiveleg sataniske symboler. No står det att å sjå om reaksjonane vil likne på dei som kom for 10 år sidan.
Marilyn Manson slepp si nye plate "The High End Of Low" før sommaren. I samband med videoinnspelinga til singlen "I Want To Kill You Like They Do In The Movies", seier Manson til magasinet Rolling Stone at den hovedsakeleg kjem til å handle om mord, sex, død og slutten på alt.
Se video fra 1999: Ber for Quart-festivalen
Ventar på klarsignal
Frå før av har Quartfestivalen berre sluppe eit hovudnamn. I november blei det klart at den tidlegare Guns N`Roses-gitaristen Slash kjem, saman med ei rekkje andre artistvener. Fleire musikkmeldare sa då at
.
Skal vi tru bookingsjef Trond Aage Nyhus er ikkje Manson det siste store namnet som vil vere på plass i Kristiansand til sommaren.
- Vi har fleire på blokka, og vi er i god kontakt med fleire, men vi må få klarsignal frå agentar før vi får gjort så mykje meir, seier han.
Når dei neste artistane vert slepte veit han ikkje enno.
- Det er litt vanskeleg å svare på, då det er marknaden som avgjer. Men vi har fått gode tilbakemeldingar og er med i dansen. Innan kort tid skal vi komme med fleire namn, seier han.