Hopp til innhold

Mann knivstukke i Kristiansand

Ein person er send til sjukehus etter å ha blitt knivstukke i ansiktet på Grim i Kristiansand.

Knivdrama på Grim

Krimteknikarar frå politiet undersøker no eit hus på Grim.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Vi prøvar no å finne ut kva som har skjedd og kven som har vore involvert, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Sverre Birkeland til NRK.

Det var ved 17-tida politiet i Kristiansand aksjonerte etter fleire tips om eit slagsmål mellom fleire personar i bydelen Grim.

Tipsa gjekk også ut på at det skulle vere kniv involvert. Det viste seg å stemme.

– Vi sende ut fleire patruljar og fekk etterkvart kontroll over ein person som hadde kniv, seier innsatsleiar i politiet, Salve Eieland.

Ein til sjukehus

Seinare vart ytterlegare ein person pågripen i ei leilegheit i området. Denne personen vart send til sjukehus. Politiet kjenner til dei to frå tidlegare kriminalsaker.

– Personen vert behandla akkurat no. Det ser ut til at skaden kan ha blitt påført med kniv, seier Birkeland.

Ifølgje innsatsleiaren på staden skal det ikkje vere snakk om alvorlege skader.

– Han vart først send til legevakta, men seinare til sjukehus for behandling. Han er ikkje livstrugande skada, men har skader i ansiktet som må behandlast, seier Eieland.

Bilder av politi og kriminalteknikere som jobber på stedet. hendelsen skjedde i Møllevannsveien på Grim.

Sjå intervju med innsatsleiar i politiet Salve Eieland.

Sperra av område

Politiet har framleis ikkje danna seg eit fullstendig bilete av hendinga.

Dei veit framleis ikkje kor mange personar som var involvert, eller kvifor episoden oppstod.

Politiet har sperra av eit område på Grim. Krimteknikarar er no i gang med å sikre spor på ei adresse på Grim.

– Vi jobbar også for å finne ut kva andre personar som har vore til stades, seier innsatsleiaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %