Hopp til innhold

Kjøpte sin eigen kajakk for 300 kroner

Mange hadde funne vegen til politiet sin årlege hittegodsauksjon i Kristiansand. Ein av dei fann igjen kajakken sin.

Mange hadde funne vegen til politiet sin årlege hittegodsauksjon i Kristiansand. Ein av dei fann igjen kajakken sin.

Sjå video frå hittegodsauksjonen.

– Den dreiv under hauststormen sist haust og vart henta av Falck, seier Svein Evnum til NRK.

Han var ein av mange som hadde møtt fram i håp om å gjere eit kupp på hittegodsauksjonen.

– Dei var greie mot meg

Midt blant syklar, klokker, båtar og andre gjenstandar som skulle seljast fann han sin eigen kajakk. Heldigvis fekk han kjøpe den før auksjonen starta.

– Eg sleppte å by på den fordi dei var litt greie mot meg. Eg gav 300 kroner. Eigentleg kosta frakta 1000 kroner, så dei var veldig greie mot meg, seier han.

Det var mellom anna kring 60 syklar som skulle auksjonerast bort. Mange av dei i god stand. I tillegg var det både småbåtar og gummijoller. Gjenstandane er anten tjuvgods, nokon er attgløymt eller mista.

– Det er mykje som er veldig bra, mykje middels, men også noko er i dårleg stand, seier Ole Petter Hermansen som tidlegare på dagen hadde laga klart til auksjon.

Kamp om syklane

Dag Tallaksen

Dag Tallaksen i Agder-politiet var på plass på auksjonen.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Som tidlegare år var det stor rift om syklane som vart auksjonert bort.

– Det var bra oppmøte og det er nok sykkel og vår som er aktuelt. For dei som kan noko er det mogleg å gjere ein god handel, seier leiar for ordensavdelinga i Agder-politiet Dag Tallaksen.

– Syklane kan fort gå for både 2000, 3000 og 4000 kroner, men det er rimeleg likevel, seier han.

Pengane går rett i statskassa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %