Hopp til innhold

Legionellasmitta er alvorleg sjuk

Den eine personen som er smitta av legionella i Arendal er alvorleg sjuk. Det opplyser Sørlandet sykehus.

Sørlandet sykehus Arendal

Dei to pasientane får no behandling ved sjukehuset i Arendal.

Foto: NRK

– Ein av personane er alvorleg sjuk som følgje av at den er smitta av legionella, seier fagdirektør Per Engstrand ved Sørlandet sykehus til NRK.

Per Engstrand

Fagdirektør Per Engstrand ved Sørlandet sykehus seier at pasientane vert behandla ved sjukehuset i Arendal.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Laurdag vart det slått alarm ved Solhaug bo- og omsorgssenter i Arendal etter at fleire bebuarar hadde pådrege seg luftvegsinfeksjonar. To pasientar fekk påvist legionellasmitte.

Stabilt for den andre

– Tilstanden til den andre pasienten er meir stabil, seier Engstrand.

Begge pasientane får behandling med antibiotika ved sjukehuset i Arendal.

Dei to personane er truleg smitta gjennom dusjanlegget på omsorgssenteret. Gjennom helga har Arendal kommune gjort fleire undersøkingar for å finne ut kvar smitten har komme ifrå. Det er mellom anna innført dusjforbod.

Kommunen fann mellom anna ein lekkasje i dusjanlegget. Lekkasjen vart funne på eit rom som har stått tomt i lengre tid, skriv Agderposten.

Ikkje fleire smitta

Ifølgje avisa er begge dei to over 80 år.

Førebels er det ingenting som tyder på at fleire er smitta av bakterien.

– Vi ventar ikkje at fleire vil bli smitta. Det verkar som om smittekjelda er funne og at dei har fått stoppa den, seier Engstrand til NRK.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %