Hopp til innhold

Lange køar hos utlendingsseksjonen

Utlendingar som skal søkje om nytt pass, søkje om familiegjenforening eller liknande kan måtte vente timesvis hos politiet i Kristiansand.

Video Lang kø hos utlendingsseksjonen

– Eg nummer 59. Eg kan vente i to timar då eg skal på skulen. Så eg kan ikkje vente lenger enn det, seier Ibrahim Abdi til NRK.

Han er ein av dei mange utlendingane som har opplevd å bli sittjande lenge i kø ved politiet sin utlendingsseksjon i Kristiansand.

Systemet fungerer slik at ein må trekkje kølapp når ein kjem til kontoret om morgonen. Dersom køen aldri kjem så langt, må ein komme tilbake dagen etter og trekkje ny.

Beklagar sterkt

– Eg tykkjer synd i desse som må sitje å vente. Det er ikkje hyggeleg å vite at det er så lang behandlingstid. Når det er ein familie på to vaksne og tre barn som skal ha nye pass, takast bilete av og alt skal gåast gjennom på dataen tek det tid, seier Tone Brunstad, som er førstekonsulent ved utlendingsseksjonen i Kristiansand.

– Det kan verke som vi set her og somlar, men det kan eg vel seie at vi ikkje gjer. Vi beklagar sterkt at det vert så lang ventetid, seier ho.

Ho har vore med på å sende folk heimatt.

– Vi stengjer ekspedisjonen klokka 14.30. Men dersom det er få att prøvar vi å strekkje oss og ta dei som er her, men er det mange må vi beklage oss å seie at vi ikkje kan ta fleire, seier Brunstad.

Vil ha omorgansiering

Politiet vedgår at det er for lang ventetid. Politiinspektør, Magnus Andreassen, meiner ei omorgansering til.

– UDI og politidirektoratet er klar over situasjonen. Dei har eit prosjekt på gang, som truleg vil medføre at ventetida vil bli kortare, seier han.

– Det har noko med at talet på utlendingar som kjem til Noreg har auka, anten som asylsøkjarar, arbeidssøkjarar eller familiegjenforening. No har vi såpass mange at systemet ikkje greier heilt å svelgje unna. Eg trur det beste ville vere at utlendingsdirektoratet overtok den reine forvaltningsbitemn av utlendingssakene, så skal politiet ta kontrollbiten, legg han til.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %