Hopp til innhold

Mangler bustad til dei under 15 år

Neste år kan det kome opp mot 350 einslege, mindreårige born som asylsøkjarar til Agder og Telemark. Utfordringa er å finne kommunar som kan ta i mot borna.

Mindreårige asylsøkere

Mange av asylsøkjarar som kjem til Norge er einslege barn og unge (Arkivfoto).

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Regiondirektør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet Sør, Ingrid Sætre, seier det blir ei stor oppgåve å ta i mot dei yngste borna som kjem åleine.

Ingrid Sætre

Regiondirektør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet Sør, Ingrid Sætre, er uroa over at få kommunar har kompetanse nok til å ta i mot einslege asylsøkjarar under 15 år.

Foto: NRK

– Ut ifrå førebelse prognosar som ligg på busetjing av over 2000 asylsøkjarar, så vil vår del mindreårige liggje på mellom 300 og 350. Så det er ei sterk auke.

I tillegg til den generelle auka, er det mykje fleire av dei som kjem som er under 15 år.

– Det er ein spesiell situasjon at kring halvparten av dei som kjem er under 15 år. Dei fleste skjønner nok at det er ei større oppgåve å ta i mot yngre born, enn dei som nærmar seg myndig alder.

Få kommunar har kompetanse

Sætre fortel at dei allereie no ringer direkte til kommunar for å få til avtalar. Men det er få kommunar som har kompetanse til å ta i mot born under 15 år.

– Det er litt spesielt i Agder og Telemark sidan vi har hatt få plassar for dei under 15 år. Vi er i dialog og skal i møte med Grimstad, Risør og Kristiansand. Mandal har allereie sagt ja til å ta i mot fem personar under 15 år, og det er veldig bra.

Framleis eit behov

Borna har krav på ein representant som skal vareta det juridiske under prosessen med asylsøknaden. Direktør i samfunnsavdelinga hos Fylkesmannen i Vest-Agder, Britt Møll Abrahamsen, opplyser til NRK at det har vore god tilgang på folk som vil stille.

I dag er det oppnevnt 45 representantar, og 13 nye står i kø for å bli godkjent. Men behovet for representantar for mindreårige asylsøkjarar er der framleis.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %