Hopp til innhold

Knallopning for ny Sabeltann-film

Kinofilmen om Kaptein Sabeltann har hatt den beste opningshelga for nokon kinofilm i landet i år.

Kaptein Sabeltann

Den nye Kaptein Sabeltann-filmen var godt besøkt under opningshelga.

Terje Formoe

Terje Formoe er nøgd med opningshelga.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Nær 100 000 publikummarar såg «Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama» denne helga.

Inkludert førpremiera har over 100 000 sett filmen.

– Eg er strålande nøgd. Det er så bra at eg føler vi er veldig i rute i forhold til at det skal bli ein publikumssuksess, seier opphavsmann Terje Formoe til NRK.

– Er du overraska over tala?

– Eg må innrømme at eg hadde store forventningar. Eg føler vi har laga ein veldig bra film og at vi har klart eitt av hovudmåla. Å lage ein film som alle kan sjå saman og ikkje berre er morosam for små barn, men for store barn, tenåringar og foreldre, seier Formoe.

6. beste siste ti åra

Opningshelga til den nye Sabeltann-filmen plasserer seg også på topp ti lista til bransjeorganisasjonen Film og Kino. Filmen har nemleg hatt den 6. beste opningshelga blant norske filmar dei ti siste åra.

– Det er eit kjent univers og det er nok mange ulike målgrupper som ynskjer å sjå filmen. Både barn, vaksne og godt vaksne finn vegen til kinoen, seier Birgitte Langballe som er kommunikasjonssjef i Film og Kino.

Filmen fekk også gode terningkast frå anmeldarane etter førpremiera 19. september.

Trur på godt besøk framover

Langballe trur at suksessen vil halde fram.

– Det er all grunn til å tru det. Det er ei historie mange har eit forhold til. Det er nok mange som ynskjer å sjå filmen, seier ho.

– Det har sjølvsagt mykje å seie at Kaptein Sabeltann har eksistert på eit relativt høgt nivå i Norge i 25 år. Det er eit veldig kjent univers. Det er trass alt 1,3 millionar som har sett teaterførestillingane våre, seier Terje Formoe.

Best besøkte opningshelgar dei siste ti åra

1. Kon-Tiki

164 804

2. Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa

138 856

3. Max Manus

134 504

4. Hodejegerne

105 256

5. Fritt Vilt 2

101 608

6. Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama

98 706

7. Knerten gifter seg

95 328

8. Doktor Proktors prumpepulver

92 838

9. Fritt Vilt 3

80 637

10. Knerten i Knipe

78 374

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %